Allan Lindberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Allan Lindberg
Allan Lindberg.jpg
Fødd 21. juni 1918
Fagersta
Død

2. mai 2004
Örebro

Yrke stavhopper
Allan Lindberg på Commons

John Allan Lindberg (21. juni 19182. mai 2004) var ein svensk friidrettsutøvar og bandyspelar frå Västanfors i Fagersta, som vart europameister i stavhopp i 1946.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Allan Lindberg

Lindberg byrja med kastøvingar i friidrett, men gjjek i 1941 over til stavhopp. Han nådde den svenske eliten i øvinga i 1944 og vann stav-tevlinga under landskampen mot Danmark i juli 1945.

Den 25. august 1946 tok han gullmedaljen i stavhopp under EM i friidrett 1946 i Oslo. Vinnarhoppet på 4,17 meter var også svensk rekord, ein centimeter over den åtte dagar gammle landsrekord til Lars Andrén. Fire veker seinar, 20. september i Praha, forbetra Lindberg rekorden ytterlegare til 4,20 m.

Lindberg vart også svensk meister 1946 med 4,10 m i resultatprotokollen. Året etter tok han SM-sølv og i 1948 bronse i den nasjonale meisterskapen. Han enda på 12. plass i stav-tevlinga under Sommar-OL 1948 i London.

Bandy[endre | endre wikiteksten]

Lindberg var angrepsspelar på Fagersta AIK sit bandylag. Dessutan var han aktiv med i både turn og fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]