Allen Alvoid Jones jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Allen Alvoid Jones jr.
Fødd 29. desember 1940
Død

5. mai 1987 (46 år)

Yrke musikkprodusent, komponist

Allen Alvoid Jones jr. (29. desember 19405. mai 1987) var ein amerikansk plateprodusent. Jones produserte fleire album for Albert King, og vart produsent og manager for The Bar-Kays. Han produserte alle innspelingane deira, inkludert den siste innspelinga for Mercury Records. Han skipa produksjonsselskapet deira, og produserte andre artistar som KwickEMI og var leiande produsent for Ebony Webb, òg på EMI. Jones var ein suksessrik låtskrivar, med songar framført av artistar som Elvis Costello og Albert King. Jones byrja karrieren som bassist, og enda opp med sitt eige studio (ONYX) i Memphis i Tennessee. Han gav mange artistar høvet til å arbeide i plateindustrien, lenge før det fanst fag på høgskulane som dekte desse områda. Jones kjende att ein hitsong og blømde hos Stax Records som låtskrivar, produsent og lydteknikar. Jones vann ein Grammy for bidraget sitt til Shaft. Han var òg medverkande i å byggje opp Ardent Studios og arbeidde i Studio A i Ardent i nesten ti år. Jones arbeidde for Bar-Kays på albuma og turneane deira fram til han døydde av eit hjarteinfarkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]