Allosaurus
Utsjånad
| Allosaurus | |
| Utbreiing | |
Utbreiinga av Allosaurus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Krypdyr Reptilia |
| Orden: | Saurischia |
| Familie: | †Allosauridae |
| Underfamilie: | †Allosaurinae |
| Slekt: | †Allosaurus Marsh, 1877 |
Allosaurus er ei dinosaurslekt i ordenen Saurischia. Dei var tobeinte med store, kraftige bakbein, relativt små frambein med kraftige 25 cm lange klør og lang hale. Allosauriane kunne bli opptil 12 meter lange, vog 4 tonn og hadde stort hovud med små hornlinknande utvekster over augo og ca. 70 lange, skarpe tenner i kjevane. Dei var truleg de vanlegaste kjøttetarane i den seine juratida. Ein har funne tusenvis av beinrestar av individ frå ungar på 1 meters lengd til kjemper på 12 meter. Dei er særleg vanlege i Nord-Amerika, men nærståande slekter er òg funne i Europa og Afrika. Allosaurus hadde ei hovudrolle i fleire av episodane av BBC-serien Walking with Dinosaurs.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Allosaurus», Store norske leksikon, 29. juni 2012, henta 17. juli 2016