Amalia von Hatzfeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amalia von Hatzfeld
Porträtt, Amalia von Hatzfeldt - Skoklosters slott - 87716.tif
Fødd1560
Død23. september 1628
LandSverige
EktefelleMauritz Stensson Leijonhufvud
BarnEbba Mauritzdotter Lewenhaupt

Amalia von Hatzfeld (kring 156023. september 1628) var ei svensk grevinne, hoffdame og forvaltar. Ho forvalta Raseborgs län i Finland frå 1600 til 1607.

Amalia von Hatzfeld var dotter av Vilhelm von Hatzfeld og Sibylla von Rodenhausen. Ho var hoffrøken hjå hertuginne Maria av Pfalz. 3. september 1592 gifta ho seg med grev Mauritz Stensson LeijonhufvudNyköping slott. Paret fekk dottera Ebba Mauritzdotter Lewenhaupt. Etter at ektemaken døydde fekk Amalia von Hatzfeld kontroll over Raseborgs grevskap i 1600, etter at det var blitt inndrage av krona. Ho forvalta det fram til 1607 då blei gjeve til Mauritz sin brorson Sten.

Amalia von Hatzfeld blei gravlagd 20. februar 1629 i Mauritz Stensson Leijonhufvud sitt gravkor i Sankt Nicolai kyrkje i Örebro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]