Amnesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amnesi (gresk Ἀμνησία amnesia; håttløyse) er minnetap, tap av evna til å hugsa.

Ein kan skilja mellom retrograd amnesi, kor ein ikkje har minne om det som har skjedd før eit visst tidspunkt, eller anterograd amnesi, kor ein har vanskar med å laga minne for det som skjer etter eit tidspunkt. Ein kan også skilja på minnetap årsaka av organiske tilhøve som rusmiddel eller hjarneskade, og psykologiske, som til dømes ulukker.

Minnetap, eller nedsett funksjon av minnet, kan vera varig eller forbigåande. Det kan òg vera tilsikta, som ved narkose under operasjonar.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.