Analysator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein analysator er eit apparat til analyse, som vert nytta til å påvise bestanddelar med ein særskild eigenskap eller storleik.

Elektriske og magnetiske spektrometer vert nytta som energianalysator og masseanalysator for å velje ut partiklar med ein bestemt energi eller masse. Pulshøgdeanalysatoren vert nytta til å avgjere storleiken av elektriske pulsar. I optikken nyttar ein prisme- og gitterspektrometer som analysator for å velje ut lys med ei bestemt bølgjelengd. Med ein polarisasjonsanalysator kan ein avgjere polarisasjonsretning og polarisasjonsgrad for lys eller partiklar. I bølgjefysikk nyttar ein frekvensanalysator for å oppløyse svingingar etter harmoniske komponentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]