Anderl Molterer
Anderl Molterer | |
Fødd | 8. oktober 1931 (90 år) Kitbuhel |
Yrke | alpinist |
Andreas Molterer, kjend som Anderl Molterer, (fødd 8. oktober 1931) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Kitzbühel som vann ein sølv- og ein bronsemedalje under Vinter-OL 1956, samt ein VM-bronse i 1954.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Molterer deltok i VM i alpine greiner 1954 og tok ein bronsemedalje i storslalåm, i slalåm vart han nummer fem. Norske Stein Eriksen vann begge øvingane. To år seinare fekk Molterer sølvmedaljen i storslalåm då dei olympiske vinterleikane 1956 vart avvikla i Cortina d'Ampezzo, landsmannen Toni Sailer tok gullmedaljen. Nokre dagar seinare kom Molterer på bronseplass i utforrennet, på ny vann Sailer ein gullmedalje.
Ved VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein i heimlandet vart Molterer utan medalje, trass i jamne og gode prestasjonar. Han vart nummer fem i utfor, seks i storslalåm og åtte i slalåm, noko som gav han femteplassen i kombinasjonen. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley var ein 12. plass i storslalåm hans beste prestasjon.
Næring[endre | endre wikiteksten]
Deretter dreiv Molterer nokre sesongar som profesjonell alpinist i USA, der han også var skilærar. Sommaren 1966 grunnla han saman med Pepi Gramshammer og Erich Sailer eit turistsenter ved Red Lodge i delstaten Montana. I 1970 opna han ei sportsforretning i Aspen i delstaten Colorado som han dreiv i 17 år.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Anderl Molterer» frå Wikipedia på tysk, den 12. desember 2014.
- Einskildmenn
- Fødde i 1931
- Austerrikske alpinistar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1956
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1956
- Alpinistar under vinter-OL 1956
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1960
- Alpinistar under vinter-OL 1960