Andreas Birnbacher
Utsjånad
Andreas Birnbacher | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 11. september 1981 (43 år) Prien am Chiemsee |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn |
Andreas Birnbacher (fødd 11. september 1981) er ein tysk skiskyttar frå Prien am Chiemsee i delstaten Bayern. Han vart verdsmeister med Tyskland i mixstafett i 2008, og tok VM-sølv i fellesstart i 2007. Elles har han vunne fire bronsemedaljar i ulike VM-stafettar i åra 2008-13.
Birnbacher vann seks individuelle renn i verdscupen i skiskyting i tida frå mars 2011 til desember 2013. Tre av triumfane kom i fellesstart, to i sprinttevlingar og ein i jaktstart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andreas Birnbacher» frå Wikipedia på tysk, den 10. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Andi Birnbacher» (på engelsk). Olympedia. Henta 6. februar 2022.