Andros i Bahamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andros
Andros Island
øy
Land  Bahamas
Del av Bahamas
Kart
Andros i Bahamas
24°40′00″N 77°55′00″W / 24.66666667°N 77.91666667°W / 24.66666667; -77.91666667
Wikimedia Commons: Andros, Bahamas

Andros er ei øygruppe i Bahamas med tre hovudøyar som ligg tett saman. Politisk sett blir dei rekna som éi øy, og er då den største øya i Bahamas med ein større flatevidd enn alle dei 700 øyane i Bahamas til saman. Andros omfattar hundretals småøyar og cay som er bundne saman av mangroveestuar og tidvassumpar. Dei tre hovudøyane er North Andros, Mangrove Cay og South Andros. Tre buktaktige havdelar skil dei tre øyane i ein aust-vestleg retning. Andros er 167 kilometer (104 mi) lang og 64 km (40 mi) vid på det vidaste.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Spanjolar som kom til øygruppa gav henne namnet «Espiritu Santu». Under seinare britisk styre blei ho kalla «Andrews Island».[1] Dagens namn skal vera til ære for sir Edmund Andros, som var kommandør for dei britiske styrkane på Barbados i 1672 og seinare guvernør for New York, Massachusetts og New England.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Andros grensar mot den 2 000 meter djupe havdjupna Tongue of the Ocean i aust. Andros barriererev[3] er det sjette lengste i verda.[4] Det har ei lengd på 225 km (140 mi), og ligg i gjennomsnitt 2–3 km (1–2 mi) unna kysten av Andros.[5] Dei utstrekte bankane Great Bahama Bank ligg i vest, nordvest og sør for Andros. Øya har verdas største tal av blå hol.[6]

North Andros er den sjette største øya i Karibia, med ein flatevidd på rundt 6 000 km2 (2 300 sq mi), ei lengd på 167 km (104 mi) long og ein breidde på 64 km (40 mi) på det breiaste. Om ein reknar med alle tre hovudøyane er Andros den femte største øya i Karibia, etter Cuba, Hispaniola, Jamaica og Puerto Rico. Sjølv om totalarealet kan samanlikna med det til den amerikanske delstaten Rhode Island (3140 km2, 1,05 mill. innbyggjarr) og Long Island i New York (3600 km2, 7,5 millionar innbyggjarar), har Andros berre eit folketal på rundt 8000. Dei fleste bur langs ei tynn stripe nær Queen Elizabeth Highway som går langs austkysten av øya.

Andros ligg 50 km (30 mi) vest frå den bahamanske hovudstaden NassauNew Providence Island, over Tongue of the Ocean. Nordtippen ligg 233 km (145 mi) under Fort Lauderdale i Florida.[7] Geologisk og geografisk ligg ikkje Bahamas, medrekna Andros, i Det karibiske havet, som er avgrensa i nord av Windward Passage, men i staden i Atlanterhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førkolumbiansk og spansk tid[endre | endre wikiteksten]

Lucayanarar, ei undergruppe av taínoane, var urfolk på Bahamas då europearar fyrst kom til staden. Det er gjort arkeologiske funn av gjenstandar og leivningar både i Morgan's Cave på Nord-Andros og i Stargate Blue Hole på Sør-Andros.[8] Ein reknar med at det budde omtrent 40 000 lucayanarar her då spanjolane kom til området.

Spania gjorde krav på Bahamas etter at Columbus oppdaga øyane. Dei fyrste landfalla hans på den vestlege halvkula kan ha vore på den bahamanske øya San Salvador. Den italienske oppdagaren Amerigo Vespucci, som Amerika er oppkalla etter, kom hit med spansk løyve og brukte fire månader på å utforska Bahamas i 1499–1500. Han kartla ein del av den austlege kysten av Andros-øya.

Ein spansk ekspedisjon i 1520 fann berre 11 folk på Bahamas; lucayanarane var effektivt blitt utrydda frå øyane. Etter dette skal det ikkje ha vore nokon permanent busetnad på Bahamas, eller Andros, i rundt 130 år. Herredømet over Bahamas gjekk fram og tilbake mellom spanjolane og britane back i 150 år. Britane fekk kontroll gjennom ein traktat i 1783 etter den amerikanske sjølvstendekrigen, då dei bytta Aust-Florida med Spania og fekk Bahamas.

Britisk tid[endre | endre wikiteksten]

Seint på 1600-talet og på 1700-talet drog ulike sjørøvarar og kaprarar til Andros. I 1713 blei Bahamas utropt til Piratrepublikken. Morgan's Bluff og Morgan's Cave på North Andros er kalla opp etter den kjende kapraren Henry Morgan, som også har gjeve namn til Captain Morgan's Spiced Rum.[9]

Lojalistar frå USA flykta hit under og etter den amerikanske sjølvstendekrigen og slo seg ned på ulike øyar i Bahamas, mellom anna Andros. Dei tok slavane sine med seg. I tillegg var Andros eit mål for familiar som blei tvinga ut av tømmerindustiren i Belize etter omplasseringa av busetjarar ved Mosquitokysten til Britisk Honduras i 1787. I 1788 var folketalet på Bahamas rapportert som 3 000 kvite og 8 000 svarte. Folketeljinga for Andros frå 1788 hadde 22 kvite familieoverhovud og totalt 132 slavar; dei dyrka 329 hektar (813 acre) jord.[10]

Etter at USA overtok Florida frå Spania i 1821 flykta nokre seminolefolk og svarte amerikanske slavar derfrå og segla til vestkysten av Andros, der dei grunnstøtte sluppen «Steerwater» og skipa busetnaden Red Bays.[11] I 1823 kryssa hundrevis av afro-seminolar og slavar i kanoar og 27 sluppa Golfstraumen og slo seg saman med dei, og fleire kom til i åra som følgde. Etterkomarane av desse folka blir av og til kalla «Black Indians», men reknar seg sjølv som bahamanarar med historiske band til USA.[12]

I 1807 hadde Det britiske imperiet lagt ned forbod mot internasjonal slavehandel i koloniane sine gjennom Slave Trade Act. Av og til forliste amerikanske skip i den innanlandske slavehandelen på øyene eller skjera til Bahamas. Sjølv før 1834, då Storbritannia avskaffa slaveriet i koloniane sine, frigjorde koloniregjeringane i Karibia slavane frå slike amerikanske skip som «Comet» og «Encomium», og seinare «Hermosa».

I tillegg raida bahamanske sjøfolk forbipasserande ulovlege slaveskip og frigjorde afrikanarar. Slike frigjorde afrikanarar gjekk inn i eit system med læretid eller kontraktsteneste på Bahamas. Seinare migrerte mange av desse frigjorde afrikanarane og etterkomarane deira til dei ytre øyane, som Andros, noko som førte til ein lokal kultur som er nærare den i Vest-Afrika enn dei fleste andre svarte kulturar på den vestlege halvkula.[13]

På 1800- og byrjinga av 1900-talet (1841–1938) immigrerte greske spongere til Andros for det rike svampefisket på Great Bahama Bank utanfor vestkysten av Andros. I ei årrekkje var svampefisket ved Andros den største industrien på Bahamas. På 1930-talet blei svampane utsletta av eit algeåtak, såkalla raudt tidvatn. Svampeindustrien døydde, og svampefiskarane forlét øya og drog i staden til Key West og Tarpon Springs i Florida. Tusenvis av arbeidslause bahamanarar flytta til landsbyen Coconut Grove nær Miami.[14]

Frå 1950- til 1970-talet blei furuskogane på North Andros i stor grad nedhogde av det amerikansk-eigde selskapet Owens Lumber. Som eit resultat av dårleg planlegging for berekraftig hausting har øya i dag mange skogar som er overfylte med hovudsakleg unge tre.

På 1960- og 1970-talet forhandla Bahamas, leia av sir Lynden Pindling som var parlamentsmedlem for Kemps Bay på Sør-Andros, fram sjølvstende frå britane. Øygruppa fekk sjølvstyre i 1964, og fullstendig sjølvstende 10. juli 1973. Ein av dei siste handlingane til den britiske krona på Bahamas var å gje det amerikanske marineføretaket AUTEC ein langsiktig leigekontrakt for land på Andros, ei liknande ordning som den amerikanske leigeavtalen for Guantanamo Bay Navy Base på Cuba.

Sir Lynden var den første statsministeren på Bahamas. Han tenestegjorde til 1992, då partiet hans mista kontrollen over parlamentet. Han heldt på setet som parlamentsrepresentant for South Andros.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Riley, Sandra (1989). Homeward Bound, A History of the Bahamas to 1850. Island Research Press. s. 38, 50. 
  2. Stark, James H. (1891). Stark's History and Guide to the Bahama Islands. Boston: Boston Photo Electrotype Co. s. 131. OCLC 1071967476. 
  3. «Andros Barrier Reef». Andros Conservancy and Trust (ANCAT). Arkivert frå originalen 20. oktober 2016. Henta 28. mars 2022. 
  4. «The World's 10 Largest Coral Reefs». About.com Education. Arkivert frå originalen 28. november 2016. Henta 28. mars 2022. 
  5. «Bahamas Out Islands». Arkivert frå originalen 7 August 2011. Henta 7 August 2011. 
  6. Tod Hunter (August 2010). «Blue Holes». National Geographic. 
  7. «Google Distance Calculator». 
  8. «First Ever Lucayan Canoe Found in Bahamas». The Roue Holes Foundationb Palmer Bl. 
  9. «About Captain Morgan». Captain Morgan Rum Company. Arkivert frå originalen 31. mars 2012. Henta 2. september 2011. 
  10. Riley. Homeward Bound. s. 180, 185. 
  11. Randolph, PhD, Logan (1994). An Ethnobotanical Investigation. s. 5. 
  12. Howard, Rosalyn (2002). Black Seminoles in the Bahamas. University Press of Florida. 
  13. Randolph, PhD, Logan. An Ethonbotanical Investigation. s. 13, 15. 
  14. Craton & Saunders, Michael & Gail. Islanders in the Stream. s. 144–152.