Anker for fartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stokkanker i baugen på skipet Suomen Joutsen frå Turku i Finland.
Ein dregg er eit lite anker som ofte er laga slik at det kan faldast saman, og er ofte nytta i småbåtar.
Skisse som syner eit drivanker. Ankeret kan vendast og dragast inn på skipet ved tauet som er synt til høgre på skissa.
Døme på eit drivanker.

Anker er reiskapar av ulike utformingar nytta til å halde fartøy (skip eller båtar), bøyar, flytebrygger og andre flytande innretningar fast på ein og same plassen på sjøen ved å feste fartøyet eller innretninga til sjøbotnen med eit tau eller ein kjetting som ankeret heng i enden av. Er ankeret lite, vert det helst kalla dregg, særleg når det er av ein type som kan faldast saman når det ikkje er i bruk.

Eit drivanker er ei poseliknande innretning som ein let drive i eit tau etter ein båt eller eit skip for å bremse på farta, eller for å halde stamnen på båten eller skipet opp mot bylgjer og vind når skipet ikkje har motorkraft, eller ikkje har framdrift av andre årsaker.

Ulike ankertypar[endre | endre wikiteksten]

Eit anker kan vere meint til permanent fortøyning av til dømes flytebrygger, for å halde på plass bøyer som er lagde ut for å fortøye skip eller båtar til, eller for å halde flytande oljeboringsplattformar på plass. Slike anker vert ofte kalla moringar, og dei kan vere av mange ulike slag og materiale, særleg når det gjeld moringar for småbåtar og flytebrygger. Dei har ofte det til felles at det er tyngda som fester dei til sjøbotnen, og til dømes jarnskrap, gamle motordelar, støypte betongklumpar og anna kan gjere nytta som moringar.

Skip og båtar har anker og dreggar som er meint for mellombels fortøying. Slike anker vert sleppte ut når det trengs, og deretter heiste opp og teke med på ferda vidare. Ein talar om at skipet kastar anker, ligg for anker, letter eller heiser anker.

  • Stokkanker er namn på ein type anker med ein stokk i toppen, plassert vinkelrett på dei to klørne som fester ankeret til sjøbotnen. Stokken legg ankeret i posisjon og får det til å feste seg betre. Dette er det tradisjonelle skipsankeret.
  • Ploganker er eit anker som har form som ein plog.
  • Bruce-anker og andre variantar som går under nemning kloanker eller flukanker, vart konstruert av Peter Bruce på 1970-talet som ei betring av plogankeret.
  • Danforth-anker er eit anker med hengsla spissar som grev seg ned i vinkel i botnen og er eigna for bruk der botnen er av sand.
  • Plett er eit anker forma som ei litt konkav skive.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anker for fartøy