AnnaSophia Robb
AnnaSophia Robb | |
![]() | |
Fødd | 8. desember 1993 (29 år) Denver |
Yrke | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, songar, musikar, stemmeskodespelar |
AnnaSophia Robb på Commons |
AnnaSophia Robb (fødd 8. desember 1993) er ein USA-amerikansk film- og TV-skodespelar og songar frå Denver i Colorado i USA. Ho har hatt rollar i blant anna serien Drake & Josh. Robb vart fyrst kjent i 2005, etter å ha spelt rolla som Violet Beauregarde i filmen Charlie og sjokoladefabrikken. I Broen til Terabithia (2007) speler ho ein av hovudrollene med Josh Hutcherson i den andre. Robb har også gjeve ut ei singelplate med ein song som vart brukt i denne filmen.
Robb har også spelt inn filmane Race to Witch Mountain, Soul Surfer og The Way, Way Back. Frå 2013 til 2014 spelte ho hovudrolla som Carrie Bradshaw i tv-serien The Carrie Diaries.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «AnnaSophia Robb» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2015.