Anna Kathrine av Brandenburg
| Anna Kathrine | |||
| | |||
| Fødd | 26. juni 1575 Wolmirstedt i Sachsen | ||
|---|---|---|---|
| Død | 29. mars 1612 (36 år) København | ||
| Tittel | Dronning av Noreg og Danmark | ||
| Regjeringstid | 1597-1612 | ||
| Føregangar | Sophie av Mecklenburg | ||
| Etterfylgjar | Sophie Amalie | ||
| Hus eller slekt | Hohenzollern | ||
| Land | Kongeriket Danmark | ||
| Mor | Katarina av Küstrin | ||
| Far | Joakim Frederik av Brandenburg | ||
| Ektefelle | Kristian IV av Danmark-Noreg | ||
| Barn | Den utvalde prins Kristian, Fredrik III av Danmark-Noreg, Ulrik, prins av Danmark, Prins Frederik (1599), son Oldenburg, Sophie Oldenburg, Elizabeth Oldenburg | ||
Anna Kathrine av Brandenburg (26. juni 1575–29. mars 1612)[1] var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskap med Kristian IV. Ho var fødd i Wolmirstedt i Sachsen-Anhalt og var dotter av Joakim Frederik av Brandenburg og Katarina av Küstrin.[1]
Anna Kathrine blei gift med Kristian på Haderslevhus 27. november 1597.[1]
Ein kjenner ikkje stort til Anna Kathrine, men ho har neppe gjort forsøk på å påverka politikken. Ho var med ektefellen til Noreg på ei lengre vitjing i 1602 og ho var også med under hyllinga av sonen Kristian i 1610.[2]
Anna Kathrine og Kristian fekk seks born; Frederik – 15. august 1599–9. september 1599, Kristian den udvalgte prins Christian i 1603, Sofie – 4. januar 1605–7. september 1605, Elisabeth – 16. mars 1606–24 oktober 1608, Fredrik i 1609 (seinare Fredrik III) og Ulrik i 1611.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Anna Kathrine fra Dansk Biografisk Leksikon
- ↑ Langslet side 136
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lars Roar Langslet: Christian IV : konge av Danmark og Norge, 1997. som E-bok