Anointed
Anointed | |
Opphav | Columbus, Ohio, USA |
---|---|
Aktiv | 1988 - |
Sjanger | R&B, Pop |
Plateselskap | Word Records, Epic Records |
Medlemmer | Steve Crawford Da'dra Crawford-Greathouse |
Tidlegare medlemmer | Nee-C Walls Mary Tiller |
Anointed er ei USA-amerikansk, kristen R&B-gruppe frå Columbus i Ohio. Gruppa består i dag av syskena Steve og Da'dra Crawford.
Anointed blei danna i 1988, då medlemene framleis gjekk på High school. Debutplata Spiritual Love Affair kom ut i 1993. Andrealbumet The Call kom i 1995, og gav gruppa kommersiell suksess. Anointed vann 3 Dove Awards, ein Stellar Award og vart nominert til ein Grammy for dette albumet.
Gruppa har til i dag gjeve ut seks studioalbum og ei samleplate. Dei har vunne til saman 7 Dove Awards, 2 Stellar Awards og vore nominert til Grammy-prisen 3 gonger.
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
- 1993: Spiritual Love Affair
- 1995: The Call
- 1996: Under the Influence
- 1999: Anointed
- 2001: If We Pray
- 2003: The Best of Anointed (Samleplate)
- 2005: Now Is the Time
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på «Anointed» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2012.