Redaktør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ansvarleg redaktør)
Hopp til navigering Hopp til søk

Redaktør, på nynorsk også bladstyrar, er ei nemning på styraren av eit blad, skrift eller avis. Redaktøren har suveren rett til å styre over bladet, og difor også eineansvar for kva som står på trykk i bladet. «Ansvarleg redaktør» er den vanlege nemninga i Noreg på den redaktøren som har det øvste og endelege ansvaret for det publiserte innhaldet i eit redaksjonelt verk etter kapittel 48 i straffeloven.

I større aviser eller blad har redaktøren gjerne tittelen sjefredaktør, men fleire redaktører under seg med delegert ansvar. Tittelen vert også brukt om redaksjonsleiarar i radiokanalar, fjernsynskanalar og nettaviser.

Redaktørrolla har endra seg gjennom tidene. Mange redaktørar i dag arbeider etter Redaktørplakaten, som er ei felles erklæring frå Norsk Redaktørforening og Mediebedriftenes Landsforbund.