Antarctica New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Ross Dependency, kravområdet til New Zealand i Antarktis.

Antarctica New Zealand er eit institutt som handterer New Zealand sine interesser i Antarktis. Organisasjonen sørgjer logistikkstøtte for eit stort, vitskapleg program, i tillegg til å operere forskingsstasjonen Scott Base i McMurdo Sound.

New Zealand byrja engasjementet sitt i Antarktis i 1923, med aktivitetar i tett samarbeid med Storbritannia. Seinare har tett samarbeid med òg andre nasjonar vore ein viktig del av New Zealand si involvering i Antarktis.

Sidan 1959 har Scott Base vore den permanente basen til New Zealand i Antarktis. Ei vurdering frå 1994 anerkjende Antarktis som strategisk viktig for New Zealand som ein av nasjonane på den sørlege halvkula. Dette resulterte i etableringa av New Zealand Antarctic Institute, kjent som Antarctica New Zealand, den 1. juli 1996.

Instituttet rapporterer til Antarctic Policy Unit i Utanriksdepartementet (Ministry of Foreign Affairs and Trade, MFAT). Styremedlemmar blir utnemnt for tre år av utanriksministeren i samråd med styreformannen. Denne perioden kan utvidast med ytterlegare tre år av statsråden.

Antarctica New Zealand er lokalisert i International Antarctic Centre i Christchurch.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]