Antoinette-Thèrèse Deshoulières

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antoinette-Thèrèse Deshoulières
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 31. mai 1659
Rocroi
Død

8. august 1718 (59 år)
Paris

Yrke lyrikar, skribent
Medlem av Galileiana Academy of Arts and Science
Mor Antoinette Des Houlières

Antoinette-Thérèse Deshoulières (31. mai 16568. august 1718) var ein fransk diktar.

Ho var dotter av Antoinette Des Houlières, som også var forfattar. Deshoulières gav ut verka til mor si i lag med sine eigne i to band. Ho skreiv også La mort de Cochon, ein tragi-komedie i Corneille sin stil. Heltane i verket er Cochon, hunden til hertugen av Vivonne, og Grisette, katten til Antoinette des Houlières. Dette verket viser tilknytinga mora og dottera hadde til det franske hoffet.[1] Ho lærte litteratur av mor si, Corneille sjølv og av diktaren Benserade, som kalte henne «Fille d'une merveille et merveille elle-même» ('Dotter av eit under og eit under sjølv'). Ho var medlem av Accademia Galileiana/Académie des Ricovrati, som mor si.[2] Også lik mor si døydde ho av brystkreft. Ho er gravlagd ved Saint-Roch kyrkje i Paris.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]