Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paris
Horisonten til Paris
Flagget til Paris Byvåpenet til Paris
Flagget til Paris Byvåpenet til Paris

Motto
«Fluctuat nec mergitur

('Kasta av bølgjene, ho søkk ikkje')»

Styresmakter
Land
Region
Frankrike
Île-de-France
Første busetnad 4200 fvt.
Overborgarmeister Anne Hidalgo Edit this on Wikidata
Geografi
Flatevidd[1]
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

86,9 km² km²
2 723 km²
14 518,3 km²
Innbyggjarar[2]
 - By (2013)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

2 229 621
  24 1783/km²
9 644 507 (1999)
12 405 426 (2013)
Koordinatar 48°52′0″N 2°19′59″EKoordinatar: 48°52′0″N 2°19′59″E
Høgd over havet 65 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 75001–75020 og 75116
Nettstad: www.paris.fr
Plassering
Paris map.png

Paris er hovudstaden i og den største byen i Frankrike, og i tillegg hovudstad i regionen Île-de-France.

Det bur mest 2,2 millionar i bykjernen. I storbyområdet, som er det fjerde største i Europa, bur det om lag 12,1 millionar menneske.

Paris har vore som ein fri og opprørsk by. Sidan den franske revolusjonen har han vore åstaden for ei rekke store folkeprotestar mot den franske regjeringa.

Byen var i mange år kjend som ein kunstnarby utan like, og kunstnarar frå heile verda samla seg her. Pablo Picasso og Ernest Hemingway var nokre av desse, medan Edvard Munch og Cora Sandel var norske kunstnarar som vitja byen. I tillegg til kunstlivet var Paris òg lenge kjend som byen med det beste utelivet i Europa, og på grunn av dette er fleire byar med eit påstått liknande folkeliv blitt stempla som «Paris» for den delen av verda dei høyrer til.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale landskapeselementet er elva Seinen, som renn inn frå søraust, går i ein vid boge gjennom byen og renn ut i sørvest. Dagens administrative grense skildrar stort sett ein sirkel på 32 km med sentrum i øyane Île de la Cité og Île Saint-Louis. Størstedelen av byen ligg nord for elva (rive droite); ein mindre del på sørsida (rive gauche).

Byen fekk sin noverande grense ved ei byutviding i 1860, då det òg vart bygd festningar ved yttergrensene. Området vert ofte omtalt som Paris intra muros, og fell saman med den store ringvegen Boulevard périphérique. Tidleg på 1900-talet vart byen utvida med dei store parkane Boulogneskogen på 9 km² i vest og Bois de Vincennes på 10 km² i aust. I seinare år er området La Defense i vest administrativt underlagt byen.

På kvar side av elva dannar landskapet ei rekkje låge åsar, som Montmartre (130 moh.), Belleville (128 moh.), Menilmontant (108 moh.), Buttes-Chaumont (80 moh.) på høgre breidd og Montparnasse (66 moh.), Butte aux Cailles (62 moh.) og Montagne Sainte-Geneviève (61 moh.) på venstre.

Det høgaste punktet i Paris der det bur folk er 195 moh, men sjølve bykjernen ligg for tida berre om lag 60-80 meter over havet.

Nokre mindre elvar og kanalar renn gjennom byen, som:

Det er fleire parker inni Paris. Nokre vart planlagt av Hausmann i 1860: Jardin des Tuileries, Jardin du Luxembourg, Parc des Buttes Chaumont, Parc Monceau og Parc Montsouris. På 1900-talet vart fleire parkar til: Parc de Belleville i nord, Parc de la Villette i nordaust, Parc George Brassens og Parc André Citroën i sør og Parc de Bercy i aust.

Distansar til alle stader i Frankrike vert mål frå eit punkt på ein stein føre Notre Dame.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Paris vert omtalt allereie i romartidaLutetia Parisiorum var hovudsete for ei keltisk stamme kalla parisarane. Vare var allereie den gongen basert på handel. Han låg på Île de la Cité og bruene førte til Seinen. Då romarane seinare tok byen gjorde dei Lutetia til provinshovudstad. Romarane drog frå byen på slutten av 200-talet e.Kr. då dei vart jaga av germanarane på plyndringstokt.

I 845 omringa vikingane Paris, og fekk løysepengar. Då vikingane hadde rast frå seg starta ei ny oppgangstid for byen. Munkar, handverkarar og kjøpmenn slo seg ned i byen, som voks fram til å verte Seinen-området si viktigaste hamn. Frå 1100-talet hadde kongen sin faste residens på vestsida av Île de la Cité, og sørsida av elva utvikla seg til lærdomssentrum med kloster, kyrkjer og universitet.

I 1789 braut den franske revolusjonen ut. Under mottoet Liberté, égalité, fraternité (Fridom, Likskap og Brorskap) vart Bastillen storma. Det vart då etablert eit konstitusjonelt monarki som raskt vart avløyst av den første republikk. På 1800-talet kom Napoleon og vart keisar. På 1800-talet opplevde Paris ein sterk vekst i folketal, industrialiseringa skaut fart, og kommunikasjon vart bygd ut. På same tid voks Paris fram som eit kulturelt sentrum for kunstnarar, diktarar og filosofar.

I store delar av andre verdskrig, var Paris og delar av Nord-Frankrike okkupert av Tyskland. I åra 1940-1944 såg framtida mørk ut for Paris og fleire og fleire støtta nazistane. I 1944 kom hjelpa som fleire hadde venta på i fire år. USA og England ilandsette store mengder soldatar i Normandie og pressa tyskarane ut av Paris og Frankrike. Dette vert sett op som den største alliere militære operasjonen gjennom tidene (Operasjon Overlord)


Folketalsutvikling i Paris mellom 1801 og 1926

1801 1851 1881 1926

547 800 1 053 000 2 240 000 2 871 000

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1968 har Paris vore både eit departement og ein kommune. Tidlegare (frå 1790) var Paris hovudstad i departementet Seine. Paris kommune dekkjer berre sentrumsområda av byen, og det finst ingen administrativ overbygging for hovudstadsregionen; han består av ei rekkje sjølvstendige kommunar.

Departementet Ville de Paris består berre av kommunen Paris. Kommunen er delt i 20 arondissement. Inndelinga i arondissement stammar frå den siste byutvidinga i 1860, og erstatta den gamle inndelinga i 12 arondissement frå 1795.

Mellom 26. mars og 22. mai 1871 hadde byen eit ekstraordinært styre - Pariskommunen - som bestod av ei samling vald ved alminneleg stemmerett. Pariskommunen vart styrta med vald av sentralmakta, og for å hindre gjentakingar vart Paris sett under direkte styre av staten.

Ved ei ny lov av 1975 vart det i 1977 halde val til eit nytt byråd («Conseil de Paris») med 109 medlemmar, som så valde ein borgermeister («maire»). Politimeisteren haldt fram å vere sentralt utnemnd, og byrådet hadde ei rådgjevande funksjon.

Etter ei ny lovendring vart det i 1983 halde val til eit utvida byråd på 163 medlemmar med utvida styringsområde. M.a. vart budsjettsakar overlatt byrådet. Kommuneval skjer i arondissementa, og det vert vald til saman 517 «conseillers d'arrondissement». Kvart arondissement har sitt bydelsråd som vel sin borgarmeister.

Byrådet fungerer samtidig som kommunestyre og som fylkesstyre for departementet.

Anne Hidalgo vart i 2014 vald som borgarmeister til 2020.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Eiffeltårnet er det mest kjende landemerket i Paris, og er internasjonalt kjend som eit symbol for Frankrike

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Paris har to hovudflyplassar - Roissy-Charles De Gaulle og Orly. Paris Le Bourget var Paris sin første flyplass, men vert no berre nytta av forretningsfly sidan han ligg for nærme Paris. Beauvais-Tillé, 65 km nord for byen, vert brukt av enkelte lågprisselskap.

Jernbanestasjonar er Gare du Nord, Gare de l'Est, Gare St-Lazare, Gare de Lyon, Gare Montparnasse, Gare d'Austerlitz og Gare de Paris-Bercy. Eit stort nett av undergrunnslinjer (Métro) og forstadsbanar (RER) tar seg av den interne transporten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Paris

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Paris frå Wikivoyage