Antonio Soler
Antonio Soler | |
Fødd | 3. desember 1729 |
---|---|
Fødestad | Olot i Gerona i Spania |
Død | 20. desember 1783 (54 år) |
Dødsstad | El Escorial i Spania |
Fødenamn | Antonio Francisco Javier José Soler y Ramos |
Opphav | Spania |
Aktiv | 1756-1779 |
Sjanger | Klavermusikk |
Instrument | cembalo, pipeorgel |
Verka som | Komponist |
Antonio Francisco Javier José Soler Ramos, vanlegvis kjend som Padre Antonio Soler (3. desember 1729–20. desember 1783) var ein spansk-katalansk komponist frå seint i barokken til tidleg i klassisismen. Han er mest kjend for sonatane sine for klaver, med viktige bidrag til repertoara for cembalo, fortepiano og orgel.
Soler vart fødd i Olot (Catalonia i Spania) i det historiske grevskapet Besalú. I 1736, då han var seks, gjekk han inn i Escolania i Montserrat kloster der han studerte musikk med Benito Esteve og organisten Benito Valls. I 1744 vart han organist i katedralen La Seu d'Urgell og utpeikt til underdiakon. Seinare i livet hadde han stillingar som kapellmeiseter i Lleida og det kongelege hoffet i El Escorial.
Soler vart prest 23 år gammal. Sjølv om han hadde ein travel kvardag, klarte Soler å skrive meir enn 500 musikalske verk. Av desse var kring 150 klaversonatar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Antonio Soler» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Soler, Antonio (Father)
- The Life and Times of Soler (includes audio and sheet music of Soler's keyboard works)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Gratis notar by Antonio Soler på Werner Icking Music Archive (WIMA)
- Fritt tilgjengelege notar av Antonio Soler ved International Music Score Library Project (IMSLP)