Antony Holborne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antony Holborne
Fødd ca. 1545, England
Død 29. november 1602, England
Instrument Lutt
Sjanger Renessansemusikk, kammermusikk

Anthony Holborne (fødd kring 1545, død 29. november 1602 i London) var ein engelsk renessansekomponist av lutt-, cister- og consortmusikkElisabeth I si tid.

Holborne studerte ved Cambridge University frå 1562 og vart teken opp i Inner Temple Court (ei samanslutning av juristar) i 1565.

Han nøyt stor respekt hos samtidige komponistar, til dømes tileigna John Dowland «I saw my lady weepe», den første songen i Second Booke til Holborne.

Cittarn Schoole frå 1597 er den første kjente boka hans, og 1599 kom Pavans, Galliards, Almains and other short Aeirs, both grave and light, in five parts, for Viols, Violins, recorders or other Musicall Winde Instruments. Samlinga inneheldt 65 av hans eigne komposisjonane og er den største bevarte samlinga i sitt slag. Dei fleste er pavane-galliard kombinasjonar, ein del allemander og resten er uklassifisert.

«The Fairie Round» frå denne samlinga er med på dei amerikanske romsondane Voyager 1 og Voyager 2 som vart sendt opp i 1977.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]