Voyager 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av ein Voyager romsonde. Begge var identiske

Voyager 2 er ein 815 kg tung umanna amerikansk romsonde i Voyager-programmet som er sendt for å utforske den ytre delen av Solsystemet og vidare. Romsonden vart skoten opp 20. august 1977, og er framleis i funksjon. Den er identisk med sin syster-romsonden Voyager 1. Voyager 2 passerte forbi planetane Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun og var den første romsonden med detaljerte bilete av de to sistnemnde planetane.

I desember 2005 var Voyager 2 det mest fjerne menneskeskapte objektet, med ein avstand på 78,4 AU frå sola. Etterkvart vart den æra overteken av systerskipet Voyager 1. Romsonden er no inne i ytterkantane av solsystemet, eit enormt område der innflytelsen frå sola etter kvart vert erstatta av interplanetarisk rom.

Oppdraget[endre | endre wikiteksten]

Oppskytinga av Voyager 2

Voyager 2 skulle eigentleg vere Mariner 12, som ein del av Mariner-programmet. Romsonden hadde som sine prioriterte mål, planetane Jupiter, Saturn, Uranus og Saturn, samt månar og ringar. Det noverande oppdraget er deteksjonen av Heliosfæren, samt partikkel-målingar av solvinden og det interstellare rom. Begge Voyager-sondane er drevet av tre radio-isotope termoelektriske generatorar som har overlevd si planlagde levetid, og vil difor fortsette å generere nok kraft til å kommunisere med jorda fram til minst år 2020.

Oppskytinga[endre | endre wikiteksten]

Romsonden Voyager 2 vart skoten opp frå Cape Canaveral i Florida, den 20. august 1977 med ein Titan III-E Centaur bererakett. Dette var før sjølve Voyager 1 vart skoten opp. Uheldigvis vart bakkemannskapet oppteken med eit problem med systersonden. Såleis gløymde ein å aktivere Voyager 2 som dermed slo av hovud-antenna. Heldigvis fekk ein kontakt med romsonden via ei mindre antenne og fekk hovudantenna slått på igjen.

Jupiter[endre | endre wikiteksten]

Voyager 2 var den fjerde romsonden som besøkte Jupiter og var på det nærmaste den 9. juli 1979. Romsonden var då berre 570 000 km frå Jupiter sine skyer. Viktige oppdagingar som Voyager-sondane gjorde var blant anna den vulkanske aktiviteten til månen Io. Dette hadde ein ikkje sett frå jorda eller romsondane Pioneer 10 og 11.

Saturn[endre | endre wikiteksten]

Bilete av planeten Saturn samt månane Tethys, Dione og Rhea,

Romsonden fortsette vidare for å undersøkje planeten Saturn. Voyager 2 vart den andre romsonden som vitja [planeten. Voyager 2 passerte Saturn i november 1981. Romsonden målte temperaturen på Saturn, og fann at den på det høgaste var 70 Kelvin (-203 C) og på det lågaste 143 kelvin (−130 °C). Nordpolen var 10 kelvin lågare, men det kan ha vore på grunn av årstida.

etter å ha passert Saturn låste kameraet om bord Voyager 2 seg og sette resten av ferda i fare. Heldigvis fekk ein skikk på kameraet og ein kunne fortsette mot Uranus and Neptun.

Uranus[endre | endre wikiteksten]

Voyager 2 den første romsonden til å vitje planeten Uranus. var på det næraste planeten den 24. januar 1986. Romsonden oppdaga 10 nye månar, studerte atmosfæren og ringane til planeten.

Neptun[endre | endre wikiteksten]

Voyager 2 vart og den første romsonden som vitja planeten Neptun. Voyager 2 passerte planeten 25. august 1989. Romsonden oppdaga 6 tidlegare ukjende månar, og oppdaga mørke flekkar rundt Neptun. Desse har i ettertid forsvunne, i følgje observasjonar som er gjort med romteleskopet Hubble.

Det ytre rom[endre | endre wikiteksten]

I desember 2005 fann romsonden Voyager 2 seg 78,4 AU frå sola, langt bortanfor planetane våre. Ettersom begge Voyager-sondane framleis fungerer, bruker NASA dei til å finne ut korleis solsystemet er utanfor heliosfæra. Begge sondane har med seg ei gullplate med bilete og lydklipp frå jorda, om utanomjordisk liv nokon gong skulle støyte på nokon av romsondane.

Det er venta at ein skal kunne halde kontakten med romsonden Voyager 2 fram til 2020.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]