Apatosaurus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apatosaurus

Status i verda: EX Utrydda

Apatosaurus33.jpg

Systematikk
Klasse: Reptilia
Orden: Saurischia
Underorden: Sauropoda
Familie: Diplodocidae
Slekt: Apatosaurus
Vitskapleg namn
Apatosaurus

Apatosaurus eller brontosaurus var ein stor sauropod som levde i juratida for 140 millionar år sidan. Med ei gjennomsnittslengd på 23 meter og ein kroppsmasse på minst like mange tonn var han mellom dei største dyra som har levd på jorda.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Ein trudde lenge Apatosaurus vog for mykje til at han ville kunne bera kroppsvekta si på land, og at han difor levde amfibisk i sumpar og sjøar. Dette vert ikkje støtta av nyare funn. Som sin nære slektning Diplodocus var Apatosaurus eit beitande dyr med særs lang hals og ein tung hale som motvekt. Fossile fotspor tyder på at dei levde i flokk.

Som moderne fugl svelgde Apatosaurus små stein (gastrolittar) for å mala opp dei sterke plantefibrane han åt.

Artar[endre | endre wikiteksten]

  • A. ajax (type)
  • A. excelsus (Marsh, 1879c) Riggs, 1903
  • A. louisae Holland, 1915
  • A. parvus (Peterson & Gilmore, 1902)