Arbeidsretta rehabilitering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arbeidsretta rehabilitering (ARR) er rehabiliteringsprosessar med deltaking i arbeidslivet som overordna mål.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Årsaker til sjukefråvere er ofte komplekse, og eit langtidssjukefråvere har som oftast både fysiske og psykiske årsakssamanhengar. Dei to største enkeltgruppene av diagnosar for legemeldte sjukefråversdagsverk er muskel- og skjelettplager og psykiske plager.[1]

Fagrådet i ARR-nettverket har definert arbeidsretta rehabilitering som:

Tidsavgrensede planlagte prosesser med klare virkemidler og deltagelse i arbeidslivet som definert hovedmål, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse i arbeidslivet.

Innhald i eit ARR-tilbod[endre | endre wikiteksten]

Arbeidsretta rehabilitering inneber parallelle og tverrfaglege intervensjonar mot helse og arbeid. Tilbodet inneheld tverrfagleg kartlegging, tilpassa fysisk aktivitet og kognitive åtferdsretta endringsprosessar gjennom rettleiing individuelt og i grupper. Det blir lagt til rette for at brukaren startar eigne lærings-og treningsprosessar som fremmar bevisstgjering av eigne ressursar og moglegheiter, og som bidreg til å få tilbake eller behalde arbeidsevna og deltaking i arbeidslivet.

Arbeidsretta rehabilitering bygger på kompetanse innan spesialisert medisinsk rehabilitering. Sentrale element i denne rehabiliteringa er medisinsk fagleg rehabiliteringskompetanse, rettleiingskompetanse/kognitiv tilnærming, arbeidslivskompetanse og samhandlingskompetanse med lokale aktørar som arbeidsgjevar/arbeidsplass, primærlege, BHT, NAV, lokale behandlarar, arbeidslivssenter, attføringsbedrifter med fleire.

Biopsykososial forståing[endre | endre wikiteksten]

Medisinsk rehabilitering handlar om å styrke brukaren sine eigne ressursar og moglegheiter til å koma tilbake til arbeidslivet.

Arbeidsretta rehabilitering byggjer på ei biopsykososial og fenomenologisk forståing av funksjon/sjukdom. Ei slik forståing inneber ei anerkjenning av at utvikling av sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne ikkje berre har biologiske årsaker, men også psykiske, sosiale og kulturelle årsakssamanhengar. Brukaren må sjåast i samanheng med sine opplevingar og erfaringar, daglegliv og arbeidssituasjon.

I arbeidsretta rehabilitering blir difor visse element vektlagde. Som nemnt må brukaren si funksjonsevne sjåast i samanheng med hennar/hans eigne opplevingar og erfaringar, daglegliv og arbeidssituasjon. Rehabiliteringa skal vere med å auke bevisstgjeringa hjå brukaren av eigne ressursar, moglegheiter til aktivitet og arbeidslivdeltaking. Fysisk aktivitet i ulike former tilpassa brukaren sine føresetnader blir vektlagde. Eit ARR-opphald skal ende opp med funksjonsvurdering og ein konkret handlingsplan mot deltaking i arbeidslivet som skal forankrast lokalt. Det bør haldast nær kontakt med arbeidsgjevar, NAV og lokalt hjelpeapparat.

Arbeidsretta rehabilitering i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei norske styresmaktene har i ei tid sett på arbeidsretta rehabilitering som eit viktig tiltak for å få sjukemeldte tilbake i arbeide.

Samhandling og rehabilitering/habilitering er trekte fram som særskilde satsingsområde for helse- og omsorgstenesta i Stortingsproposisjon nr. 1 (2006-2007).[2] Stortingsmelding nr 9. Arbeid, velferd og inkludering[3] viser til at det i fleire samanhengar har vore påpeikt at det er trong for tverrfaglege- og arbeidsretta tenester som er spesielt utforma for å bidra til at sjukemeldte kjem tilbake i arbeid. St.meld. 9 er blitt fylgt opp av fleire verkemiddel, og det er blant anna vedteke ei forskrift om avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging for sjukemeldte arbeidstakarar.

I St.prp.nr.1 (2007-2008) blei Nasjonal strategi for habilitering og rehabiltering 2008-2011 lansert. Problemstillingar knytt til arbeid og helse har ein sentral plass i strategien, der også arbeidsretta rehabilitering er tydeleg plassert. Strategien legg stor vekt på kvalitet, forsking og fagutvikling, og er på mange vis heilt i tråd med måla til Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabiltering. Helse-og omsorgsdepartemetet har planlagt ein prosess i 2008 knytt til oppfølging og konkretisering av strategien med utarbeiding av tiltaksplanar.

Rehabiliteringsinstitusjonen AiR as i Rauland har fått tildelt oppgåva med å utvikle eit Nasjonalt kompetansesenter for Arbeidsretta rehabilitering. Kompetansesenteret er underlagt Helse Sør-Øst RHF etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

ARR har spesialisert sin kompetanse mot personar med muskel/skjelettplager, lettare psykiske plager og samansette plager/problem. Målgruppa er i hovudsak sjukemeldte arbeidstakarar med antatt arbeidsevne som har vore gjennom tilstrekkeleg medisinske utredingar og behandling, men som ikkje har klart å ta steget tilbake til arbeidslivet. Opphaldet skal vera eit tiltak utover det det ordinære hjelpeapparatet kan gje (1.og 2. linjetjeneste). Personar som mottek rehabiliteringsstønad og yrkesretta attføring er òg del av målgruppa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. NAV – sjukefråversstatistikk 1. kvartal 2007
  2. St.prop. nr. 1 (2006-2007), Del 3 Nasjonal helseplan 2007-2010 (Helse- og omsorgsdepartementet)
  3. Stortingsmelding nr 9. Arbeid, velferd og inkludering