Arica-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arica
provins
Flagg
Symbol
Land  Chile
Region Arica og Parinacota
Hovudstad Arica
Areal 8 726,4 km²
Folketal 211 615
Folketettleik 21 / km²
Kart
Arica-provinsen
18°28′30″S 70°18′52″W / 18.475°S 70.31444444°W / -18.475; -70.31444444
Wikimedia Commons: Arica Province
Nettstad: Offisiell nettstad

Arica-provinsen (spansk Provincia de Arica) er ein av to provinsar i den nordlegaste regionen i Chile, Arica og Parinacota. Provinsen grensar i nord til Tacna-regionen i Peru, i sør til Tamarugal-provinsen i Tarapacá-regionen, i aust til Parinacota-provinsen og i vest ligg Stillehavet. Hovudstaden er hamnebyen Arica.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Villa de San Marcos de Arica vart grunnlagd i 1541 på staden for ei førkolumbisk busetjing, og fekk bystatus i 1570.[1] Provinsen kring byen tilhøyrde Peru fram til 1879, då han vart erobra av chilenarane, som fekk kontroll over han under Ancón-traktaten (1883).[2]

Geografi og folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje folketeljinga for 2002 av National Statistics Institute (INE) spenner provinsen over eit område på 8 726,4 km2 og hadde ei befolkning på 186 488 innbyggjarar (92 487 menn og 94 001 kvinner), noko som gav den ein befolkingstettleik på 21,4 innbyggjarar per km². Mellom folketeljingane 1992 og 2002 voks befolkninga med 9,5 % (16 184 personar).[3]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Som ein provins er Arica ei administrativ eining på andre nivå i Chile, beståande av to kommunar (comunas): Arica i den nordlege delen og Camarones i sør. Kystbyen Arica fungerer som provinshovudstad. Provinsen blir administrert av den presidentutnemnde regionale delegaten til Arica og Parinacota.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «San Marcos de Arica Cathedral. Arica - CHILE», www.tourandhotels.com (på engelsk), henta 4. mars 2024 
  2. «Arica | Coastal City, Pacific Port, Gateway to Peru | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 4. mars 2024 
  3. «Territorial division of Chile» (PDF) (på spansk). National Statistics Institute. 2007. Arkivert frå originalen (PDF) 14. november 2010. Henta 3. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arica-provinsen