Arilena Ara
Arilena Ara | |||
| |||
Fødd | 17. juli 1998 (26 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Shkodër | ||
Alias | Arilena | ||
Opphav | Albania | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | pop, dansemusikk, rhythm and blues | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, komponist |
Arilena Ara (fødd 17. juli 1998 i Shkodër), også kjend som berre Arilena, er ein albansk songar.[1]
Ara vart kjend i den albansk-talande verda etter at ho vann den andre sesongen av albanske X Factor.[1][2] Ara vann òg den 58. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2019 og skulle ha representert Albania i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Fall from the Sky». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3][4][5][6][7]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ara vart fødd i Shkodër i Albania. Ho byrja å syngje som barn og deltok i barnesongtevlinga Gjeniu i Vogël («vesle geni»). Der enda ho på tredjeplass.
I 2012 melde Ara seg på den andre sesongen av X Factor Albania, og ho prøvesong i hovudstaden Tirana. Ho vart plukka ut vidare og hadde songaren Altuna Sejdiu som mentor i jente-kategorien. Ara vann til slutt finalen av X Factor Albania 31. mars 2013.[8]
26. februar 2014 slapp Ara sin fyrste musikkvideo-single «Aeroplan», som vart ein listesuksess i Albania.[9] Songen hadde 2 millionar visingar på YouTube i løpet av 12 timar, og hennar neste singel, «Business Class», nådde 1 million visningar på YouTube på ni timar. Hennar tredje singel, «Vegim», var tileigna den avlidne faren hennar.[10] I 2019 slapp ho songen «Nëntori», som òg oppnådde popularitet utanfor Albania. Blant anna toppa songen den rumenske hitlista Airplay 100 i august 2017.[11]
I 2019 var Ara mentor og dommar i den tredje sesongen av The Voice Kids Albania.[12] Seinare same år deltok ho i den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, der ho vann med songen «Shaj». Med sigeren skulle ho ha representert heimlandet i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020. I Eurovision Song Contest fekk songen engelsk tekst og tittelen «Fall from the Sky».[6]
På grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlysa Eurovision Song Contest. Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Arilena Ara–Biografia». Henta 13. juli 2019.
- ↑ «Arilena Ara–Bio» (på albansk). Top Music Awards 2016. Henta 30. november 2019.
- ↑ «Festivali i 58-të i Këngës në RTSH, juria përzgjedh 20 këngëtarët pjesëmarrës» (på albansk). Radio Televizioni Shqiptar. 24. oktober 2019.
- ↑ «Arilena Ara–Biografia» (på albansk). Festivali i Këngës. Henta 30. november 2019.
- ↑ «It's Arilena Ara for Albania! - Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union. 23. desember 2019.
- ↑ 6,0 6,1 «Albania: Arilena Ara will Fall From The Sky at Eurovision 2020». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ Panorama: Arilena Ara: - Kënga me Tunën është gati, klipi do të vijë kur të jetë momenti Arkivert 3. juni 2014 ved Wayback Machine.
- ↑ «Arilena Ara will represent Albania at Eurovision 2020». 23. desember 2019. Henta 27. desember 2019.
- ↑ «INTV» (på albansk). Henta 27. desember 2019.
- ↑ «Airplay 100 – 20 august 2017». Media Forest (på rumensk). Kiss FM. 20. august 2017. Henta 21. august 2017.
- ↑ «ARILENA ARA, GATI PËR KËTË UDHËTIM TË RI NË "THE VOICE KIDS"».
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Arilena Ara» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.