Arna Audhild Våge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arna Audhild Våge
Nasjonalitet Norsk
Fødd 17. mai 1914
Død

20. desember 2000 (86 år)

Yrke Musikkpedagog, forfattar
Periode 1937-1955

Arna Audhild Våge (17. mai 191420. desember 2000)[1] var ein norsk musikkpedagog og forfattar.[2]

Arna Audhild Våge var dotter til læraren og forfattaren Magnus Våge. Ho arbeidde som pianolærar i Stavanger. Våge skreiv fleire spelstykke, såkalla bygdekomediar eller lystspel, for amatørteater i bondeungdomslag og liknande, men ho skreiv også for born, og hadde stykke på prent i Nynorsk vekeblad.[3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1937 – Tri barnekomediar – Dramatikk, saman med Olaug Lidunn Våge
  • 1938 – Den fårlege våren : lystspel i 3 vendingar
  • 1941 – Ungane på Berg – Barnebok
  • 1943 – Liv i dur og moll – Ungdomsbok
  • 1943 – Men livet ler likevel – Roman
  • 1946 – Den gylne byen – Roman
  • 1952 – Sylvi – Barnebok
  • 1952 – Den nye moralen : lystspel i 3 vendingar
  • 1954 – Den lange festen : lystspel i 3 vendingar
  • 1955 – Bill. mrk. Gjerne ekteskap : lystspel i tre vendingar
  • 1955 – Maria i eventyrland

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gravminner i Norge. DIS Norge. Vitja 3. mars 2013.
  2. Eca Wathne, Alf Næsheim (red., 1991) «Ungane på Berg» – i: Ta hys" : leiketradisjonar i Rogaland, s. 97 – Kulturetaten i Hå, Varhaug.
  3. Inger Lise Breivik (1980) Kvinner i nynorsk prosa, s. 20 – Samlaget, Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]