Arnfinn Bruflot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnfinn Bruflot
Fødd 19. oktober 1904
Naustdal
Død

1999

Yrke skribent, journalist, kunstmålar

Arnfinn Bruflot (19. oktober 19041999) frå Naustdal var målar, journalist og forfattar. Han tok artium ved Firda gymnas i 1927. I 1928 emigrerte han til Amerika og var sidan busett der. Ein kort periode var han redaktør av Western Viking og han var også med i redaksjonen i Ny Verd, avisa til Vinland Mållag, der han var aktivt med.

Før Bruflot reiste til Amerika, fekk han publisert nokre få dikt i ulike aviser, men det var ikkje før han nærma seg pensjonistalderen at han tok til å skrive for alvor. Bortsett frå nokre få dikt på engelsk har alt han har skrive, vore på nynorsk. Bruflot debuterte i 1969 med diktsamlinga Junibåten, og han har til saman gitt ut fem diktsamlingar og ein roman, Inn i Amerika (1980). Alle bøkene er publiserte i Noreg, sjølv om han budde i USA medan han skreiv dei.

Diktinga til Bruflot er på mange måtar ulik den tidlege norskamerikanske litteraturen. Sjølv om han ofte er kritisk til det amerikanske samfunnet, er det likevel eit harmoniserande amerikabilete som vert rådande til slutt. Både romanen og dei fleste dikta hans er prega av opplevingane og refleksjonane til ein immigrant. Bruflot er ein skarp observatør, og mange av dikta har visuelle trekk, og dei er enkle både i form og innhald.


Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]