Artemis Fowl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Artemis Fowl er ein bokserie av den irske forfattaren Eoin Colfer. Bøkene omhandlar det kriminelle tenåringsgeniet Artemis Fowl og hans møte med alvar og ei underjordisk verd. Serien har åtte bøker som blei gitt ut mellom 2001 og 2012. Bøkene har blitt omsette til norsk av Morten Hansen.

Bøker i serien[endre | endre wikiteksten]

  • Artemis Fowl (Artemis Fowl), den første boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2001.
  • Artemis Fowl - Operasjon Arktis (Artemis Fowl: The Arctic Incident), den andre boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2002.
  • Artemis Fowl - Evighetskoden (Artemis Fowl: The Eternity Code), den tredje boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2003.
  • Artemis Fowl - Opalbedraget (Artemis Fowl: The Opal Deception), den fjerde boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2005.
  • Artemis Fowl og den tapte kolonien (Artemis Fowl: The Lost Colony), den femte boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2006.
  • Artemis Fowl og tidsparadokset (Artemis Fowl: The Time Paradox), den sjette boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2008.
  • Artemis Fowl og Atlantiskomplekset (Artemis Fowl: The Atlantis Complex), den sjuande boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2010.
  • Artemis Fowl og den siste vokter (Artemis Fowl: The Last Guardian), den åttande og siste boka i serien, blei gitt ut på engelsk i 2012.

Referansar[endre | endre wikiteksten]