Artikulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Artikulasjon er ei innsnevring i talekanalen danna for å produsere språklydar. Artikulasjonsstad og artikulasjonsmåte avgjer korleis lyden kjem til å høyrast ut.

Artikulasjonsstad[endre | endre wikiteksten]

Artikulasjonsstaden til ei språklyd er den staden i munnen, svelget eller strupehovudet der vi finn det sterkaste innsnevringa når denne lyden blir uttala. Det finst språklydar med berre eín artikulasjonsstad, andre med dobbel artikulasjonsstad og atter andre med ein primær artikulasjonsstad og ein sekundær artikulasjonsstad.

Artikulasjonsmåte[endre | endre wikiteksten]

Artikulasjonsmåten til ein språklyd er graden og typen av innsnevring som ein finn på artikulasjonsstaden til denne språklyden.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.