Artisten Alan Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Artisten Alan Walker
Alan Walker.jpg
Fødd24. august 1997
FødestadNorthampton
FødenamnAlan Olav Walker
AliasDJ Walkzz, Walkzz, Alan Walker
OpphavNoreg, Storbritannia
Aktiv2012–
SjangerProgressiv house, Elektronisk dansemusikk, electro house, deep house
Instrumentsynthesizer, digital audio workstation
PlateselskapSony Music, RCA Records, NoCopyrightSounds, MER Musikk
Verka sommusikkprodusent, komponist, DJ, youtuber
Alan Walker på Stavernfestivalen i 2016
Foto: Tore Sætre

Alan Olav Walker (fødd 24. august 1997 i Northampton) er ein norsk-britisk DJ og musikkprodusent. Han vart oppdaga som musikkprodusent gjennom YouTube. Walker lasta opp den første låta i 2012 som heiter Celebrate, og sidan har han fått fleire millionar visingar. Han vart verdskjend i desember 2015 då han gav ut «Faded». I 2019 vart han kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2018.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alan er fødd i England, men flytta i 1999 saman med familien til Bergen. Han voks opp i bydelen Fana. Far hans er britisk og mor hans norsk.

Musikalsk verksemd[endre | endre wikiteksten]

I oppveksten var han teknologiinteressert, og fordjupa seg i programmering og grafisk design. Han starta å leggja ut musikk-klipp på nett, og fordi han fekk svært god respons fekk plateselskapa auga opp for ungguten.

I 2014 signerte Alan kontrakt med plateselskapet NoCopyrightSounds som gav ut låta «Fade» i august 2014. Dette var ein electro house-singel som Walker gav ut under namnet «Fade». Han følgde opp med singelane «Spectre» og «Force». Den 3. desember 2015 gav han ut singelen «Faded», som er ein vokalversjon av originalen «Fade» med den ukrediterte songaren Iselin Løken Solheim. Det tok under to veker før «Faded» toppa listene til Spotify. Singelen nådde òg til topps på VG-lista Topp 20 den første veka han låg ute. I starten av juni 2016 kom Alan Walker ut med ein ny song ved namn «Sing Me to Sleep», med vokal som òg vert sungen av Solheim, då òg ukreditert. «Faded» og «Sing Me to Sleep» vart begge gjevne ut gjennom plateselskapet Sony Music Sweden, som skreiv kontrakt med han sommaren 2015.

Den 30. august 2019 gav Alan Walker ut singelen «Play» med K-391, Martin Tungevaag og DJ Mangoo. Det er ein vokalisert og modernisert mix av DJ Mangoos hit frå 2009 «Eurodancer».[2]

Prisar og prisnominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Han vann klassa årets låt under Spellemannprisen 2016 for låta «Faded» og fekk seinare same året eksportprisen for 2016 frå Spellemannprisen og Music Norway.[3] Han vart den norske vinnaren av den europeiske EBBA-prisen for 2017, ein europeisk pris som vert til delt ut fremadstormande artistar eller grupper frå ulike land som har nått publikum utanfor sitt eige land for første gong.[4] Han vart nominert til Spellemannprisen 2017 i klassa årets låt for songen «Alone».[5] Han vart kåra til Årets Spellemann under Spellemannprisen 2018, og var i tillegg nominert i klassa årets låt for låtene «Darkside» (med Tomine Harket, ÒG/RA) og «Ignite» (med K-391, Julie Bergan og Seungri).[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Uppal, Sonia (30. mars 2019). «Spellemann-vinnere 2018». NRK (bokmål). Henta 30. mars 2019. 
  2. Walker, Alan (25. august 2019). «Alan Walker - Play ft. K391, Tungevaag & Mangoo (HQ Preview)». YouTube (engelsk). Henta 28. august 2019. 
  3. «Alan Walker vinn musikkpris». nrk.no. 9. juni 2017. Henta 31. mars 2019. 
  4. «Musikkpris til Alan Walker». ba.no. 1. november 2016. Henta 26. november 2017. 
  5. «Disse kan vinne Spellemann 2017». ballade.no. 9. januar 2018. Henta 1. februar 2018. 
  6. «Her er årets Spellemann-vinnere». nrk.no. 30. mars 2019. Henta 30. mars 2019.