Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergen
BergenComposite.jpg
Geografi
Kommune Bergen
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 238 098 (2012)
Folketettleik 2 462 /km²
Areal[1] 96,71 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei E16.svg Stamvei E39.svg Riksvei 555.svg 
Hurtigruta, Bergensbanen,
Bergen lufthamn, Flesland
Innbyggjarnamn bergensar
Preposisjon i Bergen
Kart
Bergen is located in Hordaland
60°23′36.9″N 5°19′29.1″EKoordinatar: 60°23′36.9″N 5°19′29.1″E

Bergen uttale  er ein by og adminsitrasjonssenter i Bergen kommune i Hordaland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis største byen i landet til ut på 1830-talet. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune ligg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Universitetet i Bergen har i dag rundt 17 000 studentar og 3 000 tilsette. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen.

Folk frå Bergen vert kalla bergensarar.

Byskildring[endre | endre wikiteksten]

Bergen ligg på Bergenshalvøya i Midhordland. Kommunen Bergen har sjøgrenser mot kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy. På land grensar kommunen til Vaksdal, Samnanger og Os.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

  • Arna: mot aust, innlemma i 1972.
  • Bergenhus: sentrum med Nygårdshøyden, Sandviken og Kalfaret. Bergen by før samanslutninga med Årstad i 1916.
  • Fana: mot sør, innlemma i 1972.
  • Fyllingsdalen: sørvest for sentrum, overførd i 1955 frå Fana.
  • Laksevåg: mot vest, innlemma i 1972.
  • Ytrebygda: mot sør, innlemma som del av Fana i 1971.
  • Årstad: sør for sentrum, innlemma i 1916.
  • Åsane: mot nord, innlemma i 1972.

Bergen er delt inn i 8 bydelar. I 1973 vart kommunen delt inn i 20 bydelar. Talet vart redusert til 12 i 1988 og frå 1. januar 2000 har inndelinga som no er med 8 bydelar vore gjeldande. Rolla til bydelsutvala har vore gjenstand for drøfting, røyne og endringar gjennom åra, og bydelsstyra vart avvikla frå 1. januar 2011.

Bydelane Åsane og Arna har identiske grenser med kommunane med same namna som vart innlemma i 1972. Det same gjeld Laksevåg, med unnatak av at ein liten del av Gyldenpris nord for Puddefjordsbrua er lagt til. Bergenhus omfattar det som var Bergen kommune før byutvidinga i 1915, med unnatak av at strøket Årstad er lagt til. Årstad bydel omfattar resten av gamle Årstad kommune som vart innlemma i 1915, Gyldenpris nord for Puddefjordsbrua, og områda Minde, Fantoft og delar av Nattland som opphavleg høyrde til Fana kommune. Bydelen Ytrebygda høyrde òg opphavleg til Fana. Bydelen Fyllingsdalen som vart kjøpt av Fana i 1955, er utvida med området Bønes som opphavleg høyrde til Fana. Fana bydel av i dag omfattar resterande delar av gamle Fana kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klosteret sett ifrå Vågen

Bergen vart grunnlagd av kong Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299, då Oslo vart sete for kongen. Byen heldt stillinga som største byen i landet til ut i 1830-åra, og var frå ca 1350 til ca 1750 prega av den hanseatiske handelsverksemda, som Bryggen i Bergen minner om. Bryggen i Bergen står på UNESCO-lista over kulturarven i verda, verdsarvlista. Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen.

Folkemengd og vokster

I nyare tid har byen vorte utvida ei rekkje gonger:

  • 1.1.1877: Bergen hadde 34 388 innbyggjarar. Bergen landdistrikt innlemma med 4883 innbyggjarar. Dette omfatta landssokna hjå Domkyrkja: Møhlenpris, Nygård, Lungegården og Kalfaret, og Sandviken landsokn.
  • 1.7.1915: Bergen hadde 76 867 innbyggjarar. Årstad innlemma med 7463 innbyggjarar.
  • 1.7.1921: Gyldenpris overførd frå Laksevåg med 1734 innbyggjarar.
  • 12.8.1955: Fyllingsdalen overførd frå Fana med 1590 innbyggjarar.
  • 1.1.1966: Område ved Orrtuvatn overførd frå Fana med 4 innbyggjarar.
  • 1.1.1972: Bergen hadde 111 925 innbyggjarar. Kommunane Arna (11 766 innbyggjarar), Fana (44 402), Laksevåg (24 672) og Åsane (19 205) vart innlemma.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen er kjend for å vera omkransa av fjell, og namnet «Bergen» er avleidd frå det norrøne Bjørgvin, som tyder 'enga mellom fjella'. Gulfjellet i Arna bydel er med høgda 987 m.o.h. høgste fjellet i Bergen.

Dei sju fjella[endre | endre wikiteksten]

Sandviksfjellet – 417 moh.

Fløyfjellet – 400 moh.

Rundemanen – 568 moh.

Ulriken – 643 moh.

Løvstakken – 477 moh.

Damsgårdsfjellet – 317 moh.

Lyderhorn – 396 moh.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Bergen er eit viktig knutepunkt på Vestlandet og den einaste byen mellom Stavanger og Trondheim med både jernbane, stamflyplass og viktig eksport- og importhamn. Byen er endepunkt for Bergensbanen. Bergen lufthamn ligg på Flesland, om lag 16 kilometer sørvest for bysenteret, med direkte flygingar til dei fleste større flyplassane i Noreg og ei lang rekke utanlandske destinasjonar. Frå Bergen fører ei rekke samband med rutebåtar både lokalt, langs kysten og til utlandet. Bergen er utgangspunkt for Hurtigruta nordover, og det er samband med hurtigbåt til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, Hardanger/Sunnhordland og Rogaland med Stavanger.

Dei viktigaste vegsambanda er E 16 frå aust og E 39 frå nord og sør. Av andre viktige vegar kan nemnast riksveg 555, som gjev ferjefritt samband vestover, til øykommunane Fjell, Sund og Øygarden. E 16 gjev heilårs, ferjefritt vegsamband mellom Bergen og Oslo via Voss, Aurland og Valdres.

Det har vore gjort omfattande arbeid for å betre vegsambanda gjennom byen, særleg på E 39 nordover, og det er i denne samanhengen bygd fleire større tunnelar. Fleire bruprosjekt har endra kommunikasjonstilhøva dramatisk, mellom anna Sotrabrua (1971), Askøybrua (1992), Nordhordlandsbrua over Salhusfjorden (1994) og Osterøybrua over Sørfjorden 1997. I 1996 opna Bjorøytunnelen, ein undersjøisk vegtunnel mellom Håkonshella og Bjorøya i Fjell kommune.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bergen har eit mildt og fuktig kystklima. Det er små temperaturendringar gjennom året. Med ein årsmiddeltemperatur på 7,7 °C er Bergen mellom dei høgste i Noreg. På grunn av den geografiske plasseringa mellom kysten og fjella har Bergen i gjennomsnitt 213 døger med nedbør i året. Dette kvalifiserer Bergen til ein 22. plass blant 357 undersøkte europeiske storbyar. 21. januar 2007 vart det ein ny rekord då det vart registrert heile 84 samanhangande døger med nedbør. Den gamle rekorden frå 1975 var på 59 døger. Gjennomsnittleg årleg nedbørsmengd er 2 250mm.

Temperaturnivået har tendert til å vera noko høgre dei seinaste åra. Ser ein på dei seinaste 18 månadene, frå 1991 til 2009, har middeltemperaturane frå januar og juli auka til høvesvis 2,9 °C og 15,5 °C.

Klimadata for Bergen (1961–1990)
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 3.6 4.0 8.9 12.1 15.0 16.8 19.6 18.4 15.2 11.2 6.9 4.7 10,5
Normal min. temp. °C −0.4 −0.5 3.1 5.0 7.2 10.2 11.5 11.6 9.1 6.6 2.8 0.6 5,2
Nedbør (mm)(mm) 190 152 170 114 106 132 148 190 283 271 259 235
Normal mengd nedbørdagar (≥ 1.0 mm) 21 17 19 17 17 16 18 19 23 24 22 22 235
Normale månadlege solskinstimar 18.6 56.5 93.0 147.0 186.0 195.0 180.4 166.6 87.0 58.9 24.0 9.3 1 179,3
Kjelde: World Meteorological Organisation,[2] Hong Kong Observatory[3]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bergen Bystyre 2007-2011
Høgre 18
Arbeidarpartiet 16
Framstegspartiet 14
Sosialistisk Venstreparti 5
Raud Valallianse 3
Kristeleg Folkeparti 4
Pensjonistpartiet 1
Venstre 4
Senterpartiet 2
Totalt 67

Bergen kommune gjekk over til eit parlamentaristisk styresett i juni 2000, i Bergen ofte kalla byparlamentarismen, etter modell frå Oslo kommune. I Bergen er det byrådet og byrådsleiaren som representerer den utøvande makta. Parlamentarismen gjev bystyret kontroll over byrådet, og det er innført funksjonar og retningsliner for mellom anna å kunna stilla kabinettspørsmål. Ulikt den nasjonale parlamentarismen, vert byrådet direkte valt av bystyret.

Bystyret i Bergen er samansett av 67 folkevalde politikarar frå ni forskjellige parti (Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raud Valallianse, Kristeleg Folkeparti, Pensjonistpartiet, Venstre og Senterpartiet). Gunnar Bakke (Frp) er ordførar, medan Trude Drevland er varaordførar (H). Sju av bystyrepolitikarane er tilsette av kommunen som heiltidspolitikarar (kommunalrådar). Alle partigruppene får i tillegg løyvd pengar til politiske skrivarar og rådgjevarar, ut frå storleiken på gruppa.

Etter at eit byråd utgått av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde regjert sidan innføringa av byparlamentarismen i juni 2000, førde valresultatet frå kommune- og fylkestingsvalet i september 2003 til at byrådet måtte gå av. Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre danna 27. oktober 2003 byråd med Framstegspartiet som parlamentarisk grunnlag. Hausten 2005 nekta Framstegspartiet å halda fram med det budsjettmessige samarbeidet. Byrådet forhandla etter dette med Arbeidarpartiet, og gjekk inn i eit tidsavgrensa budsjettsamarbeid. Etter valet i 2007 inngjekk Høgre, Frp ogg Krf samarbeid om å danna byråd. Monica Mæland (H) heldt fram som leiar, Høgre fekk tre byrådar, Frp og Krf to kvar.

Språk i Bergen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå bergensk.

Bergensdialekten er kjend for å skilja seg frå hordalandsdialektane elles, og ber særleg preg av påverknad frå tyske hanseatar. Han er mellom anna vorte forenkla slik at han berre har to grammatiske kjønn, samkjønn og inkjekjønn, mot tre i dei andre målføra (hankjønn, hokjønn, inkjekjønn).

Målform[endre | endre wikiteksten]

Forvaltningsmessig har Bergen tradisjonelt vore ein bokmålskommune, men har òg hatt eit stort innslag av nynorskbrukarar i akademia og i kulturlivet. Fleire aviser som vert redigerte både på bokmål og nynorsk kjem ut i Bergen, som til dømes Dagen og Bergens Tidende. Hausten 2005 gjorde Bergen bystyre eit vedtak om å vera målnøytrale, og tillata både nynorsk og bokmål i fråsegner, vedtak, utgreiingar og anna kommunikasjon, men i praksis er Bergen framleis ein bokmålskommune.

Bergensdalen
Bergensdalen

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende bergensarar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå bergensarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bergen