Artsskildring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Artsskildring er ei vitskapleg skildring av ein art, til dømes av ein plante eller eit dyr. Skildringa skal utførast etter visse fastsette regelar, og fortel om den ytre utsjånaden til arten, funnstaden hans, særtrekk, levevis og anna. Alle nye artar må skildrast i ein trykt publikasjon og namnet må vurderast av ein nomenklatorisk kommisjon, for at han skal vera gyldig.

Ei artsskildring må oppfylla desse krava:

  • Arten må ha eit vitskapleg namn med to ledd; eit slektsnamn og eit artsnamn (artsepitet). Namnet skal vera godkjent av ein nomenklatorisk kommisjon.
  • Alle nye artar må skildrast i ein trykt publikasjon.
  • Skildringar av nye artar skal visa til ein type, det vil seia eit konservert eksemplar, som finst på ein viss stad (vanlegvis ei naturhistorisk samling ved eit museum), som kan undersøkast av andre systematikarar.
  • Arten skal klassifiserast etter evolusjonært slektskap. Ein klassifiserar òg i konstruerte, høgare taksa som orden og familie.