Hopp til innhald

Arvid Sundby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arvid Sundby

Fødd 23. april 1901
Christiania
Død

12. april 1999 (97 år)

Yrke arkitekt
Arvid Sundby på Commons

Arvid Sundby (23. april 190112. april 1999) var ein norsk arkitekt. Han var i mange år leiar av NSB Arkitektkontor (1947-1971) og hadde stor innverknad på norsk jernbanearkitektur i etterkrigstida.

Sundby var utdanna ved Technische Hochschule i Karlsruhe i 1924.[1]

Jernbanearkitekt[endre | endre wikiteksten]

Sundby teikna ein rekke bygningar knytte til jernbana, som stasjonsbygningar, verkstader, lokstallar, vaktarbustader og velferdshus. Hans mest kjende bygning er monumentale Bodø stasjon (1962), som er freda. Som leiar av Arkitektkontoret stod han bak ei rekkje bygningar på strekningane som vart bygde etter andre verdskrigen, særleg på nordre del av Nordlandsbana, som Røkland stasjonsbygning med lokstall og vaktarbustad, Bodø stasjonsbygning, godshus og lokstall, Støver stasjon, Oteråga stasjon, Valnesfjord stasjon og Fauske stasjon sitt godshus og hybelhus for tilsette.

Andre stader stod han mellom anna bak utvidinga av Dombås stasjon i 1956, då venterommet blei utvida og restauranten fekk eit eige utbygg. Porsgrunn stasjon - nybygg (1960) og godshuset på Lillehammer (1950) er òg Sundby sitt verk.

Andre arbeider[endre | endre wikiteksten]

Stilmessig bevega Sundby seg frå historismen (nyrenessanse, nybarokk) over mot funksjonalismen Eit eksempel er Stensgata 11 på Fagerborg i Oslo, ein stor leigegard i funksjonalistisk stil frå 1936. Sundby samarbeidde med Arnstein Arneberg om det store funksjonalistiske forretningsbygget i Stortingsgata 12 i Oslo (1934).[2] I Oslo teikna han òg det store industrianlegget til Jordan-fabrikken på Løren, som sto ferdig i 1933.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

(Årstala for stasjonar er byggjeåret; desse kan vike av frå opningsåret for stasjonen og banestrekninga.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Gunnarsjaa (1999). Arkitekturleksikon (1999). s. 757. 
  2. Arne Gunnarsjaa (1999). Arkitekturleksikon. s. 54. 
  3. «Les Byantikvarens uttalelse om Jordankvartalet på Løren», Økern og Løren - Utvikling og informasjon (på norsk bokmål), 31. juli 2017, henta 23. mai 2024 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]