Asbjørn Schaathun
Utsjånad
Asbjørn Schaathun | |||
Fødd | 22. juni 1961 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komponist |
Asbjørn Schaathun (fødd 22. juni 1961) frå Drøbak[1] er ein norsk samtidskomponist og professor i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole.[2] Han har drive pionerarbeid innan computerstøtta komponering i Noreg.
Asbjørn Schaathun har teke si musikalske utdanning ved Norges Musikkhøgskole og Royal College of Music i London, før han kom til det franske musikkforskingsinstituttet IRCAM i Paris. I 1992 gav han ut bestillingsverket Double Portrait for fiolin, ensemble og live-elektronikk herifrå. Schaathun er grunnleggjaren av Musikkhøgskolens Samtidsensemble som no går under namnet Oslo Sinfonietta. Frå 2006-2012 var han styreleiar i Norsk komponistforening, og formann i Nordisk komponistråd 2010-12.[3]
Prisar og utmerkingar[4]
[endre | endre wikiteksten]- 1987: Årets utøvar av Norsk komponistforening
- 1991: Louis Vuitton-prisen for ACTIONS, INTERPOLATIONS & ANALYSES
- 1992: Årets verk av Norsk komponistforening for ACTIONS, INTERPOLATIONS & ANALYSES
- 1992: Bang & Olufsens musikkpris
- 1992: Verket ACTIONS, INTERPOLATIONS & ANALYSES kom på UNESCOs Rostrum for composers
- 1998: Verket OUR WHISPER WOKE NO CLOCKS... kom på UNESCOs Rostrum for composers
- 2007: Edvard-prisen for Double Portrait
- 2008: Lindemanprisen
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Profil på Mic.no
- ↑ Profil hjå Norges Musikkhøgskole, arkivert frå originalen 6. mars 2014, henta 6. mars 2014
- ↑ Biografi frå den offisielle nettsida Schaathun.org
- ↑ Prisar og utmerkingar frå Schaathun.org