Asle Myro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asle Myro
Fødd 19. oktober 1811
Hol
Død

30. september 1879

Asle Knutsson Myro (19. oktober 181130. september 1879) var ein norsk gardbrukar, kjend som stordansar og kjempekar, frå Hol i Hallingdal.

Asle Myro var frå sjølve Holet, og namnet hans er knytt til springaren «Raggsteindalsslåtten», som seinare vart kalla opp etter han. Han var kjend som ein god dansar i samtida, og var ovende sterk. Mellom anna skal han ha lyft ein kubbestol etter tennene. Bitemerka hans kan framleis sjåast i den stolen han lyfte. Asle var og den første handelskaren i Hol med fast krambu.

Asle gifta seg i 1839 med ei enke, Anne Knutsdotter Nedremyr, som var dobbelt så gamal som han. Han var 28 år og ho 56. Gjennom giftet fekk han seg gard, men klaga seinare over at han berre såg «grått i grått» når han vakna om morgonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Reinton: Folk og fortid i Hol.
  • Kyrkjebøker for Ål prestegjeld.