Asteni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asteni
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:728.87 (728.9 before 10/01/03)
ICD-10-kode:M62.8
DiseasesDB22832
MedlinePlus003174
MeSHD018908

Asteni (frå gresk a-, 'utan' og sthenos, 'styrke') er eit medisinsk omgrep for kraftløyse, slappheit eller låg motstandsevne mot påkjenningar. Ordet blir brukt både om fysisk og psykisk kraftløyse. Vidare kan ein astenikar vera ein person med asteni, eller som har ein spinkel kroppstype.

Sirkulatorisk asteni er ei form for fysisk asteni der ein har lågare evne enn normalt til å auka puls og blodtrykk ved påkjenningar.

Neurasteni eller psykasteni viser til ein tilstand der nervesystemet er meir irritabelt enn normalt og der personen er irritabel, trøytt og initiativlaus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]