Atatürkdemningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atatürkdemningen

Opna1992
Kart
Atatürkdemningen
37°28′54″N 38°19′03″E / 37.481666666667°N 38.3175°E / 37.481666666667; 38.3175

Atatürkdemningen, opphavleg kalla Karababademningen, er ein steinfyllingsdemning for flaumkontroll og irrigasjon i Tyrkia. Han er laga til på elva Eufrat på grensa mellom provinsane Adıyaman og Şanlıurfa søraust i Anatolia, og har namn etter Mustafa Kemal Atatürk, grunnleggjaren av den tyrkiske republikken. Bygginga gjekk føre seg frå 1983 til 1990.

Demningen er den fjerde største steinfyllingsdammen i verda (mest massive), med eit massevolum på 84,5 millionar m³.[1] Han er 169 meter høg og 1819 meter lang. Installert vasskrafteffekt er 2400 MW, med ein mellomliggjande produksjon på kring 8900 MWh årleg.

Det er 5 demningar på Eufrat i Tyrkia. I rekkjefølgje ovanfrå er dei: Kebandemningen (1330 MW), Karakayademningen (1800 MW), Atatürkdemningen (2400 MW), Birecikdemningen (670 MW) og Karkamisdemningen (180 MW).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The World Almanac 2008, side 741.