Hopp til innhald

Atlantiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atlantiske språk
Klassifisering: Niger-kongo
Atlantisk
Vidare inndeling:
Område: Vestlege Afrika

Atlantiske språk er ei hovudgrein i språkfamilien niger-kongo. Inndelinga var ein del av klassifikasjonen som den amerikanske lingvisten Joseph Harold Greenberg presenterte i boka The Languages of Africa (1963), men den interne strukturen til språkgreina har vorte revidert fleire gonger.

Inndelinga av språkfamilien

[endre | endre wikiteksten]

Ei første inndeling vart fremja av David Sapir i 1971, basert på glottokronologi. Metoden er proglematisk, av go grunnar: Dels skil metoden i seg sjølv ikkje mellom ord arva frå det same urspråket og ord lånt språka i mellom og dels var ordforrådet i mange av dei atlantiske språka dårleg utforska eller vanskeleg tilgjengeleg i 1971. Seinare inndelingar, av Pozdniakov & Segerer (2024) [tilgjengelg som utakst i 2017] og Merrill (2021), har lagt den historisk-komparative metoden til grunn. Merrill er til ein viss grad usamd med Pozdniakov & Segerer om den interne inndelinga av språkfamilien.

Pozdniakov & Segerer 2024

[endre | endre wikiteksten]

Den klassifiseringa som ser mest lovande ut er basert på ei initial todeling, mellom bak-språka og ei nordleg grein, og presentert av Pozdniakov & Segerer:[1]

Treliste
  • Atlantisk
    • Nordlege språk
      • Wolof: Wolof, Lebu
      • Nyun-Buy
        • Nyun (Gunyaamolo, Gujaher, Gubëeher, etc.)
        • Buy (Kasanga, Kobiana)
      • Tenda-Jaad
        • Tenda: Basari, Tanda, Bedik, Bapen; Konyagi
        • Jaad: Biafada; Badiaranke
      • Fula-Sereer
        • Fula (Pular, Pulaar, Fulfulde, etc.)
        • Sereer
      • Cangin
        • Palor, Ndut
        • Noon, Laala, Saafi
      • Nalu
        • Nalu
        • Bage Fore
        • Baga Mboteni
    • Bak-språk
      • Balant: Ganja, Kentohe, Fraase
      • Joola-Manjaku
        • Joola: Fogny, Banjal, Kasa, Kwaatay, Karon, Ejamat, Keeraak, etc.; Bayot ?
        • Manjaku
        • Bok, Cur, Bassarel
        • Pepel
        • Mankanya
      • Bijogo: Kamona, Kagbaaga, Kajoko

Merrill (2021)

[endre | endre wikiteksten]

Merrill (2021) skil seg frå Pozdniakov & Segerer på to måtar. Han går ikkje inn for ei todeling av familien, og han hevdar at språkgreina ikkje er ei eiga undergrein av Niger-Kongo. I staden for å rekonstruere eit eige atlantisk urspråk ser han på kvar av greinene i det som andre hevdar er ei atlantisk gruppe som primære språkgreiner under Niger-Kongo. Han gjer også framlegg om at niger-kongo oppstod lenger nord, i den nordvstredelen av det som i dag er Afrika sør for Sahara.[2]

Treliste
  • det nordatlantiske geographiske området
    • Fula-Sereer (grein)
      • Fula
      • Sereer
    • Cangin
    • Wolof
    • Bainunk-Kobiana-Kasanga (grein)
      • Kobiana
      • Gujaher
      • Gubëeher
      • Guñaamolo
    • Biafada-Pajade (grein)
      • Pajade
      • Biafada
    • Tenda (grein)
      • Konyagi
      • Bassari
      • Bedik
    • Bak (grein)
      • Joola
      • Manjak
      • Balanta
    • Bijogo (grein)

Merrill (2021) peiker på at Tenda and Biafada-Pajade er meir lik kvarandre enn dei andre greinene, og kanskje bør bli sett på som ei eiga grein.

Sapir 1971

[endre | endre wikiteksten]

Som referanse viser vi også den eldre inndelinga av dei atlantiske språka, etter ein artikkel av David Sapir frå 1971:[3]

Som så mykje av litteraturen om inneling av språk i Afrika er denne inndelinga basert på den leksikostatistiske metoden (språk som deler større delar av det grunnleggande ordforrådet er nærare i slekt enn språk som ikkje gjer det). Dette er dessverre ein upåliteleg metode som ignorerer effekten av lånord. Korfor Afrika skil seg ut i den språkhistoriske litteraturen er vanskeleg å seie, det er kanskje ein kombinasjon av mange språk få lingvistar og marginal samfunnsmessig posisjon av språka som har gjort at lingvistane har tatt denne snarvegen, heller enn å rekonstruere urspråk attende ved hjelp av komparative metodar. Dei siste åra er dette i ferd med å endre seg. Ein mer grundig gjennomgang av denne språkfamilien er Pozdniakov og Segerer 2024.

  1. Pozdniakov, K.; Segerer, G. «A genealogical classification of Atlantic languages». I Lüpke, F. The Oxford Guide to the Atlantic Languages of West Africa. Oxford: Oxford University Press.
  2. Merrill, Jack (6. november 2021). Cognate noun class markers between Northern Atlantic groups and Benue-Congo (PDF). Diedrich Westermann-Workshop. Humboldt University of Berlin. Arkivert frå originalen (PDF) 29. august 2023.
  3. Sapir, J. David 1971. West Atlantic. S. 45–112 in Thomas A. Sebeok (red.): Linguistics in Sub-Saharan Africa. (Current Trends in Linguistics, 7.) The Hague and Paris: Mouton. Delar av underinndelinga er henta frå artikkelen på fransk wikipedia.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Bendor-Samuel, John (édit.), The Niger-Congo Languages: A Classification and Description of Africa's Largest Language Family. University Press of America, Lanham, New York, Londres, 1989
  • Doneux, J. L. , « Hypothèses pour la comparative des langues atlantiques », Annales Sciences Humaines. Africana Linguistica Tervuren, 1975, n° 6, s. 41-129
  • Greenberg, Joseph, The Languages of Africa, Mouton, La Haye et Indiana University Center, Bloomington, 1963
  • Heine, Bernd et al. (édit.), Die Sprachen Afrikas, Buske, Hambourg, 1981
  • Heine, Bernd and Derek Nurse (édit.), African Languages. An Introduction, Cambridge University Press, 2000
  • Lacroix, Pierre-Francis 1981. « Les langues "ouest-atlantiques" », in Les langues dans le monde ancien et moderne (Jean Perrot, édit.), CNRS, 1981, v. 1, s. 11-18.
  • Platiel, Suzy et Raphaël Kabore, Les langues d'Afrique subsaharienne, Ophrys, 1998, 501 s. ISBN 2708008978
  • Pozdniakov, Konstantin and Guillaume Segerer 2024: A genealogical classification of Atlantic languages, The Oxford Guide to the Atlantic Languages of West Africa Edited by Friederike Lüpke, s. 16-47.
  • Sapir, David , « West Atlantic: An inventory of the languages, their noun class systems and consonant alternations », Current Trends in Linguistics, La Haye, Mouton, 1971, 7, s. 45-112
  • Westermann, Diedrich , 1928. « Die westatlantische Gruppe der Sudansprachen », Westsudanische Studien, n° 5, Mitteilungen des Seminars für orientalische Sprachen, 1928, vol. 31, Section III, s. 63-86.
  • Wilson, William Andre Auquier , « Atlantic », in The Niger-Congo languages (John Theodor Bendor-Samuel, édit.), University Press of America, 1989, s. 81-104