Atle Grønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atle Grønn, NM på Hamar 2007

Atle Grønn (fødd 7. august 1971) er ein norsk sjakkspelar. Han blei utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2008.

Atle Grønn har lenge vore over rating-kravet på 2400, og har også hatt tre innteikningar i IM-tittelen ei stund. To av desse turneringane var over 9 rundar, men den tredje var ei lagturnering over 7 rundar. Dermed hadde han IM-resultat på samla 25 parti, medan kravet er 27 parti. Men den 30. mars 2008 klarte han eit 4. IM-resultat, ved å ta 5,5 poeng på 9 rundar i den norske Ishavsserien i sjakk 2007-2008 (eliteserien for klubblag). Atle Grønn vart deretter utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE.

Atle Grønn har vore redaktør av Norsk Sjakkblad.

Han er medlem i Oslo Schakselskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Sjakkblad

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]