Atomfysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Atomfysikk er den delen av fysikken som omhandlar strukturen og energitilstanden til atoma og vidare overgangane til elektrona mellom elektronskala. Dette omfattar ion og nøytrale atom.

Omgrepet atomfysikk og kjernefysikk vert ofte blanda saman, og atomfysikk vert ofte assosiert med kjerneenergi og atombomber, men fysikarar skil mellom atomfysikk, som altså omhandlar atomet som eit system med ein kjerne og elektrona rundt, og kjernefysikk som berre omhandlar atomkjernane og kjernereaksjon i atomet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]