Aureol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aureol med regnbogefargar kring månen

Ein aureol er ein farga ring kring sola eller månen. Ringen er vanlegvis brun, men kan òg ha regnbogefargar med raud farge ytst. Ringen oppstår når lyset passerer gjennom tynne skylag og vert avbøygd i skydropane. Ein kan òg sjå aureol-effekten rundt lykter i tåke. Kor stor ringen vert kjem an på kor store dropane er og små dropar gjev ein stor radius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«aureol – meteorologi» i Store norske leksikon, snl.no.