Austerbygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei norrøne bygdene på Grønland.
Kart over Austbygda.

Austerbygd (gammalnorsk Eystribygð, islandsk Eystribyggð, også kalla Austerbygda eller Østbygda) var den austlegaste og den største buplassen som vart etablert på GrønlandEirik Raude tok med seg folk frå Island og busette seg her omkring 985. Dei andre busetjingane, som låg lengre nordvest, heitte Vesterbygd og Midtbygd. Midtbygd vert i nokre samanhengar omtala som ein del av Austerbygd. Busetjinga hadde på det meste omtrent 4 000 innbyggjarar, og det er funne restar etter 200-300 gardar i området. Gardane ligg spreidde langs kysten i dei noverande kommunane Qaqortoq, Narsaq og Nanortalik. Her etablerte Eirik Raude seg på det som heitte Brattahlíð, inst i Eriksfjorden, nær dagens Qassiarsuk. Andre kjende ruinar i dette området er Hvalsey kirke og ruinane etter bispesetet Garðar i Igaliku.

I det 15. hundreåret forsvann dei siste norrøne menneska frå området, og årsaka til forsvinninga er omstridd. Den siste skriftlege kjelda om busetjinga er frå 1408. Historikaren Oscar Albert Johnsen hevdar at Didrik Pining vitja Grønland i 1480-åra, og då eksisterte busetjinga framleis.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]