Austin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Austin

Austin er hovudstad i den USA-amerikanske delstaten Texas. Byen, som ligg sentralt i delstaten, har ei flatevidd på 704km² og har 820 611 ibuarar i 2011. Austin ligg i fylket Travis County ved elva Colorado, som renn gjennom sentrum og er oppdemd i tre vatn som deler byen i to.

Byen vart grunnlagd i 1835 under namnet Waterloo, tre år seinare vart namnet endra til Austin, til ære for politikaren Stephen F. Austin. Frå gammalt har bomull og kveg vore dei viktigaste handelsvarene for Austin.

Delstatsuniversitetet ligg like nord for bysentrum, og Austin er i dag prega av studentane. Byen er kjend både for sitt natteliv, sine konsertscener, sine innovativ IT-selskap og som eit utviklingssenter for sivil og militær teknologi. Den store musikkfestivalen 'South By Southwest' vert årleg arrangert i Austin og trekker tusenvis av musikkgrupper, platebransjefolk, konsertarrangørar og fans til byen.

I motsetnad til mange USA-amerikanske storbyar er Austin vel tilrettelagd for sykkeltrafikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]