Australopithecus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Australopithecus

Status i verda: EX Utrydda

Skalle av Australopithecus africanus
Skalle av Australopithecus africanus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Primates
Familie: Hominidae
Vitskapleg namn
Australopithecus

Australopithecus (frå latin australis, 'sørleg' og gresk pithekos (πίθηκος), 'ape') er ei biologisk slekt av utdøydde hominidar som levde i pliocen og pleistocentida (frå rundt 5 millionar år til 12 tusen år sidan). Det er funne fleire fossilar etter ulike artar i denne slekta i austre, sentrale og sørlege Afrika. Australopithecus er nærskyld slekta Homo, med fleire menneskeliknande men også fleire apeliknande trekk. Det har vore spekulert i om Homo stammar frå Australopithecus, men dette er omdiskutert.

Australopithecus-skjelettet kjend som «Lucy».

Australopithecus gjekk på to og hadde små hjørnetenner, som menneske. Dei hadde derimot store jekslar og små hjernar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Australopithecus», Encyclopædia Britannica, 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Australopithecus
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.