Autokollimasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Autokollimasjon er eit prinsipp ved optiske apparat, der lys etter å ha gått gjennom det optiske systemet vert reflektert og følgjer same veg attende. Autokollimasjon vert mellom anna nytta til måling av brytingsforhold for faste lekamar, i prismespektrografar og ved optiske gitter. Prinsippet inneberer stor innsparing fordi prisme og objektiv vert utnytta to gonger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]