Avatsja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avatsja er òg eit namn på fjellet Avatsjinskij.
Avatsja
elv
Avacha river.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 5 090 km²
Lengd 122 km
Middelvassføring 136 /s
Munning Avatsjabukta
Wikimedia Commons: Avacha River

Avatsja (russisk Авача) er ei elv i søraust på Kamtsjatkahalvøya i Russland som munnar ut i Avatsjabukta. Elva er 122 km lang og har eit nedslagsfelt på 5 090 km². Elva har ei middelvassføring på 136 m³/s.

Elva frys til i slutten av desember (ved munningen i november) og vert isfri att i mars. Rundt elva er det mange varmekjelder.

Langs Avatsja ligg byen Jelizovo. Avatsja munnar ut i Avatsjabukta i Stillehavet ved Petropavlovsk-Kamtsjatskij.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]