Avgjeven effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avgjeven effekt er arbeid per tidseining som vert lever tav ein maskin eller eit apparat. For ein elektrisk generator er avgjeven effekt den elektriske effekten som vert levert til nettet. For ein motor er avgjeven effekt den mekaniske effekten som motoren yter. Avgjeven effekt frå ein forsterkar er den elektriske effekten som vert avgjeven frå forsterkarutgangen til t.d. ein høgtalar.

Effekten vert gjeven i watt (W) eller kilowatt (kW).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]