Hopp til innhald

Avtalefesta pensjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei ordning med førtidspensjon for tilsette i føretak som gjennom tariffavtale (overeinskomst) deltar i AFP-ordninga.

Ordninga vart innført ved tariffoppgjeret mellom LO og NHO i 1988. Den første tida kunne arbeidstakarar med rett til AFP, gå av med førtidspensjon frå 66 år, om dei ønskte det. Ordninga har sidan blitt gunstigare for arbidstakarane, slik at dei i 2008 kan gå med valfri førtidspensjon frå fylte 62 år. Det er òg høve til å ta ut delpensjon i kombinasjon med deltidsarbeid.

For at AFP–pensjonistane ikkje skal tape pensjonspoeng og slik få mindre alderstrygd, vert dei godskrivne pensjonspoeng i folketrygda dei åra dei mottar AFP. Slik vil dei få den same alderstrygda som dei ville fått om dei hadde stått i arbeid heilt til dei fylte 67 år.

Ordninga er finansiert ved at staten betaler 40 % av pensjonsutgiftene for AFP–utbetalingar som skjer etter fylte 64 år. For førtidspensjonistar mellom 62 og 64 år er ordninga finansiert av premie og eigenbetaling frå medlemsbedriftene.

Ordninga LO og NHO har forhandla fram gjeld berre private føretak, men stat og kommune har ei tilsvarande ordning.

8 av 10 arbeidstakarar har tariffavtalar som gjer at dei kan ta ut frivillig førtidspenson. Rundt 25 prosent av dei går av ved 62 år, blant 66-åringane er det nær 70 prosent som har gått av med AFP.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]