Bærum Kunstforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bærum Kunstforening er eit kunstlag i Bærum kommune med utstillingslokale i Kinoveien 12 i Sandvika, der laget skipar til vekslande salsutstillingar. Medlemmane får invitasjon til alle utstillingane og rabatt ved kjøp av kunst, og dei får dessutan tilbod om kurs, foredrag, reiser og anna.

Kunstlaget vart skipa i 1993, og hadde då lokale i bygningen til det nedlagte Sandvika Gjestgiveri i Sandvika (notidas Sandviksveien 155). Opningsutstillinga synte verk frå kunstsamlinga til Bærum kommune. Frå 2005 hadde kunstlaget tilhald i Engervannsveien 31 i Sandvika, fram til verksemda vart flytt dei noverande lokala i Kinoveien, sentralt i den nye parten av Sandvika vest for Sandvikselva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]