Bø Museum

Koordinatar: 59°25′47.201″N 9°2′47.771″E / 59.42977806°N 9.04660306°E / 59.42977806; 9.04660306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°25′47.201″N 9°2′47.771″E / 59.42977806°N 9.04660306°E / 59.42977806; 9.04660306

Bø Museum
Foto: Orf3us

Bø Museum ligg på Oterholt i i Midt-Telemark kommune. Det er ei eining under Telemark Museum og er samansett av landhandelen Aaheim med pakkhus, det gamle forsamlingshuset Polen, Åsestugo og eit utstillingslokale som viser fele- og folkedrakthistorie. Oterholt var den fyrste handelstaden og bygdesenteret i Bø, og ligg på veg til Liheia, akkurat der brua kryssar Bøelva. Aaheim blei bygd av handelskarane Halvor G. Sisjord (1865-1961) og Halvor H. Sønstebø. Dei kjøpte eigedomen Furuheim på Oterholt i 1896 og bygde straks forretningsgarden Aaheim der den gamle garveriverksemda Brua hadde lege[1] Kvennøya, ein gamal mølleplass som ligg eit steinkast frå den tidlegare handelstaden, høyrer også til Bø Museum og Telemark Museum.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Finn Rønning; Folkeliv, husmenn og handel på Oterholt, 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]