Bøfjorden i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bøfjorden er ein fjordarm på nordsida av Sognefjorden i Hyllestad kommune. Fjorden strekkjer seg 4 km rett nordover og er over 3 km brei ved innløpet.

Fjorden har innløp mellom Kjekenest sør for Rysjedal og Stavsneset. Grenda , som fjorden er kalla opp etter, ligg på vestsida av fjorden, nord for Tjømeneset, medan Heggebøen ligg tvers over fjorden på andre sida, nord for Gardsendneset. I botn av fjorden ligg bruka Indrebø og Leirvik.

Riksveg 57 går inn og ut fjorden på begge sider.